VelferdsteknologiAukra kommune satsar på velferdsteknologi som ein del av sine tenester. Velferdsteknologi er ulike teknologiske løysingar som skal støtte opp, der personen sjølv ikkje meistrar åleine. Kva er velferdsteknologi?Velferdsteknologi er teknologi som bidreg til auka tryggleik, meistring og deltaking i kvardagen - både for brukarar, pårørande og helsepersonell. Det kan vere teknolgi som har vært i bruk lenge - som til dømes tryggleiksalarm - eller nyare teknologi som digitale tilsyn. Felles for alle er at den tekniske kunnskapen i samfunnet vert utnytta for å gjere kvardagen meir funksjonell uavhengig av sjukdom, sosial, psykisk eller fysisk funksjonsevne.Velferdsteknologi i AukraI Aukra satsar vi på utvikling og kvalitet i tenestene våre. Vi har følgjande teknologi i bruk:TryggleikspakkeVarslings- og lokaliseringsteknologi (GPS)Elektronisk medisineringsstøtteDigitalt tilsynUlike sensorarVi er stadig på utkikk etter nye løysingar. Oversikt over velferdsteknologi i Aukra kommuneTryggleikspakkeKva er ein tryggleikspakke? Tryggleikspakken skal medverke til å skape tryggleik for å kunne bu heime lengst mogleg. Grunnpakken består av ein tryggleiksalarm og brannalarm. Brukar ber på seg eit smykke eller armband. Det kan knytast på fleire funksjonar etter kva behov personen har. Sensorane kan til dømes registrere dører, bevegelse, temperatur og vasslekkasje. Eit døme kan vere om brukar kjem attende i senga etter å ha vore på toalettet om natta. Når du trykker på alarmknappen, vert ein alarm utløyst som går til heimesjukepleia i Aukra. Du får direkte kontakt gjennom alarmboksen. Om heimesjukepleie ikkje får kontakt med deg, vil dei kome heim til deg. Tryggleikspakke brukast i eigen heim og skal medverke til å skape tryggleik for å kunne bu heime lengst mogleg. Om du ønskjer ein alarm som du kan bruke utanfor heimen, kan ein GPS vere aktuelt for deg. Brannalarmen er knytt til Molde brann og redning. Kven kan få tilbod om tryggleikspakke? Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu aleine, kan få tildelt tryggleikspakken. Søkjar må bu i bustad med tilgang på internett/4G. Tryggleikspakke er behovsprøvd. Kva kostar tryggleikspakken? Tryggleikspakke - eigenbetaling Tryggleiksalarm (tryggleikspakke)GebyrEiningSats 2025Under 2G (under kr 237 240)Pris per månad200,-Over 2G (over kr 237 240)Pris per månad390,-InnstalleringPris per månad0,- Kva er ein tryggleikspakke?Tryggleikspakken skal medverke til å skape tryggleik for å kunne bu heime lengst mogleg. Grunnpakken består av ein tryggleiksalarm og brannalarm. Brukar ber på seg eit smykke eller armband.Det kan knytast på fleire funksjonar etter kva behov personen har. Sensorane kan til dømes registrere dører, bevegelse, temperatur og vasslekkasje. Eit døme kan vere om brukar kjem attende i senga etter å ha vore på toalettet om natta.Når du trykker på alarmknappen, vert ein alarm utløyst som går til heimesjukepleia i Aukra. Du får direkte kontakt gjennom alarmboksen. Om heimesjukepleie ikkje får kontakt med deg, vil dei kome heim til deg.Tryggleikspakke brukast i eigen heim og skal medverke til å skape tryggleik for å kunne bu heime lengst mogleg. Om du ønskjer ein alarm som du kan bruke utanfor heimen, kan ein GPS vere aktuelt for deg.Brannalarmen er knytt til Molde brann og redning.Kven kan få tilbod om tryggleikspakke?Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu aleine, kan få tildelt tryggleikspakken. Søkjar må bu i bustad med tilgang på internett/4G.Tryggleikspakke er behovsprøvd.Kva kostar tryggleikspakken?Tenesta er behovsprøvd.Det er husstanden si samla inntekt som vert lagt til grunn ved berekning av inntekt Varslings- og lokaliseringsteknologi (GPS)Varslings- og lokaliseringsteknologi (GPS) er ei teneste for personar med orienteringsvanskar. Ein GPS kan bidra til at personar med orienteringsvanskar og deira pårørande opplever tryggleik, meistring og sjølvstende i ein aktiv kvardag.Kva er varslings- og lokaliseringsteknologi (GPS)?Ein GPS er eit armband, smykke eller brikke med ein alarmknapp for lokalisering. Posisjonen er tilgjengeleg når brukaren trykkar på alarmknappen. Det er óg mogleg å sette opp GPS-en slik at han varslar når brukaren går utanfor eit førehandsbestemt område. Bruk av GPS gjer det mogleg å sjå kor ein person er ved å sjå kartposisjonen på ein PC-skjerm/nettbrett/smarttelefon. Mottakar av alarmen kan vere heimesjukepleia eller pårørande. Det vert avklart med brukar på førehand, kva funksjonar vi aktiverer og kven som får varsla.Målet med tenesta er at ho kan bidra til å oppretthalde ein aktiv kvardag til trass for orienteringsvanskar. Det kan òg vere ein tryggleik for pårørande til personar med orienteringsvanskar.Kven kan få tilbod om GPS?Personar med orienteringsvanskar som til dømes personar med ein demenssjukdom eller andre formar for nedsett kognitiv funksjon.Kva kostar GPS?Tenesta er gratis. Elektronisk medisineringsstøtteElektronisk medisineringsstøtte er ei teneste for personar som har utfordringar med å administrere medisinar sjølv. Det kan vere til hjelp både om personen har utfordringar med å hugse når og om dei har teke medisinar, eller å halde oversikt over kva medisinar dei skal ta og til kva tid.Kva er elektronisk medisineringsstøtte?Elektronisk medisineringsstøtte varslar via lys og lyd på førehandsinnstilte tidspunkt når medisinen skal takast. Den elektroniske medisineringsstøtta registrerer når du tek medisinen ut av dispenseren og sender varsel til heimetenesta om medisinen ikkje vert teke, slik at dei kan ringe deg eller komme på besøk for å hjelpe deg å ta medisinen. Heimetenesta følgjer opp med påfyll og vedlikehald av dispenseren.Aukra kommune har to ulike dispenserar:Evondos medisineringsrobotPilly SMS medisindispenserKven kan få tilbod om elektronisk medisineringsstøtte?Personar som har behov for støtte til å ta medisinar, som til dømes personar med ein demenssjukdom eller andre formar for nedsett kognitiv funksjon.Kva kostar elektronisk medisineringsstøtte?Tenesta er gratis, men behovsprøvd. Digitalt tilsynKva er digitalt tilsyn?Digitalt tilsyn er ei teneste for personar som har behov for trygging om dei bur i eigen heim eller på sjukeheim. Digitale tilsyn kan vere:Infrarødt kameraSensorar som sengematte/sensorlakenDøralarmFallalarmDet vert avklart med deg kva type tilsyn som passar best. Ved utløysing av alarm vil helsepersonell få beskjed, og om du treng hjelp så vil dei rykke ut.Ved bruk av infrarødt kamera treng vi samtykke frå deg og eventuelt pårørande. Saman med helse- og omsorgstenesta definerer du kva det skal sendast varsel om. Til dømes er det mogleg å erstatte eit fysisk tilsyn på natt med eit digitalt tilsyn. Då treng helsepersonell ikkje å låse seg inn hjå deg på natta og forstyrre din nattesøvn. Aukra kommune nyttar RoomMate for digitale tilsyn.Les meir om RoomMateKven kan få tilbod om digitalt tilsyn?Digitalt tilsyn er ei tryggleiksordning for dei som av ulike orsakar ikkje meistrar å utløyse alarm sjølv. Orsaka til det kan til dømes vere kognitiv svikt som demenssjukdom eller psykisk utviklingshemming. Digitalt tilsyn kan vere eit tilbod til deg, anten du allereie mottek helse- og omsorgstenester eller ikkje, både i privat heim og i kommunale institusjonar. Du kan få velferdsteknologiske hjelpemidlar som fungerer for deg, som eit ledd i nødvendig helsehjelp.Kva kostar digitalt tilsyn? GPS: Digitalt tilsynTenesta er gratis, men behovsprøvd. GPS er ein lokaliseringsteknologi som bidreg til å tryggje både brukar og pårørande. GPS fungerer slik at den er til ei kvar tid vil kunne syne pårørande og eventuelt tenesta, kvar ein brukar med GPS er. Lokaliseringsteknologien gir fridom og tryggleik for personar med kognitiv svikt. Dei kan tilkalle bistand der dei er - eller bli lokalisert der dei er av pårørande eller den kommunale tenesta etter avtale. Det er også toveis tale i GPS-ane. Slik søker du om velferdsteknologiFyll ut søknadsskjemaet om pleie- og omsorgstenester. I søknadsskjemaet beskriv du behova dine og kvifor du ønskjer velferdsteknologi.Send inn søknadHer finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.Oppseiing av velferdsteknologiTa kontakt med ergoterapeuten om du ønskjer å avslutte tenesta.Ta kontakt med ergoterapeutenKlage på vedtak Slik klagar du på eit enkeltvedtakDette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Publisert 02.11.2021 13.34 Sist endra 10.04.2025 09.09