Om tilbodet psykisk helse og rus

Om tilbodet

Tilbodet omfattar:

  • Kartlegging av utfordringar og behov
  • Støttesamtaler på eller utanfor kontor
  • Oppfølging rundt utfordringar knytt til rus
  • Rettleiing og bistand rundt økonomi, delta i møte og helsefremmande tiltak
  • Koordinering av tenester og utarbeiding av individuell plan
  • Rettleiing og oppfølging rundt daglegdagse gjeremål
  • Motivasjon til fysisk aktivitet og sosial deltaking gjennom gruppeaktivitetar
  • Bistå tenestemottakar i dagleglivet så hen får eit mest mogleg sjølvstendig og meiningsfullt liv ut i frå eigne ønskjer og forutsetnadar

Kven kan få tilbodet?

Du kan søkje teneste hos oss dersom du opplever at du fungerer dårlegare i dagleglivet grunna psykiske plager. Dette kan for eksempel vere:

  • Tungsinn, depresjon eller angst
  • Søvnproblem
  • Vanskar heime, på skole, på jobb eller sosialt
  • Stress og utbrentheit
  • Låg sjølvkjensle
  • Vanskar knytt til kjønnsidentitet og seksualitet
  • Livsbelastningar eller traumatiske opplevingar
  • Spiseproblematikk
  • Sjølvmordstankar

Tenesta er retta mot personar i alle aldersgrupper.

Slik søkjer du

Send inn kontaktskjemaet for psykisk helse og rus.

Send inn kontaktskjemaet for psykisk helse og rus

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Klage på vedtak

Kontakt

Tore Jarl Olsen
Spesialsjukepleiar psykisk helsearbeid
Geir Solemdal
Avdelingsleiar psykisk helse og rus
Marie Elise Solberg Gjerstad
Sjukepleiar/miljøterapeut
Marit Kathrine Thorsen
Spesialsjukepleiar psykisk helsearbeid