Pasient- og brukarombudet

Pasient- og brukarombodet kan gi deg informasjon om rettar, råd, klagemoglegheiter og rettleiing. Alle tenestene er gratis, og du kan velje å vere anonym om du ønskjer det.

Du kan kontakte Pasient- og brukarombodet dersom du 

  • treng rettleiing eller hjelp til å forstå korleis du kan gå fram for å få helsehjelpa eller tenester du har behov for
  • er misnøgd med helsehjelpa du har fått
  • meiner at du ikkje får oppfylt rettane dine som pasient, brukar eller pårørande

Pasient- og brukarombodet finst i kvart fylke og du kan kontakte ombudet på fleire måtar. Du kan òg velje å vere anonym.

Kontakt pasient- og brukarombudet