Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 7 - 3, skal det vere ei koordinerande eining for habilitering og rehabilitering i kommunen.
Oppgåver til koordinerande eining
- Koordinerande eining skal medverke til å sikre eit heilskapleg tilbod til pasientar og brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering.
- Koordinerande eining skal ha eit overordna ansvar for arbeidet med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator.
Kva kan koordinerande eining hjelpe deg med?
- Koordinere tenestetilbodet innanfor habilitering og rehabilitering
- Ha oversikt over kva tenester som er tilgjengeleg i kommunen og formidle kontakt med tenester som er aktuelle i din situasjon
- Tildele brukarkoordinator
- Tildele individuell plan
- Skape samhandling mellom tenesteytarar og ulike tenestestader, og arbeide for kvalitetssikring for rutinar som sikrar flyt mellom tenester
- Vere eit knutepunkt for samarbeid mellom kommunen og dei statlege institusjonane
Slik søker du om tenesta
Kva kostar tenesta?
Tenesta er gratis.
Klage på vedtak
Publisert 23.08.2018 09:48
Sist endra 23.05.2025 09:03