Dagsenter for eldre Dagsenteret held til i første etasje ved Aukra omsorgssenter.Tilbod og målgruppe for dagsentertilbodetMålgruppe er eldre heimebuande og personar med demensTilbodet er behovsprøvdBrukarane blir henta og bringaTilbodet inneheld ulike aktivitetar, underhaldning og turar. På onsdag er det “Karadag”.Det vert servert mat med felles middag kl. 14.15Tilbodet er organisert under Eining heimetenesterAktivitetarPå dagsenter for eldre har du moglegheit for å delta på ulike aktivitetar og rehabiliteringstiltak. Vi ønsker å tilpasse oss dei behova du har, og legge til rette for dei aktivitetane du ønsker. Aktivitetane kan variere noko etter dag og samansetting av gruppe, men her kan du òg vere med på å planlegge dagen din og dei aktivitetane du vil halde på med.Vi tilbyr òg tre måltider i løpet av dagen, laga av dei flotte kokkane på kjøkenet her.OpningstiderMåndag til laurdag kl 9:00 - 15:30Kostar dagsentertilbodet noko?Brukarane betalar eigenandel. Eigenandel dekker skyss, mat, aktivitetar og nødvendige tenester. Dagsentertenester - eigenbetalingEmneEigenbetaling per dag 2026DagsentertenesterKr 210 Slik søker du om dagsentertilbodetSend inn søknad om pleie- og omsorgstenester. Skriv kva dagsentertilbod du søkjer på.Send inn søknadHer finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.Klage på vedtak om dagsentertilbod Slik klagar du på eit enkeltvedtakDette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Sist endra 30.03.2026 14.16