Vaksinasjonsprogram for vaksne

I veke 42 skal Aukra kommune gjennomføre influensavaksinasjon for innbyggjarar over 65 år og/eller i ulike risikogrupper. 

For pasientar i risikogruppe og dei over 65 år som ikkje kan møte på fellesvaksinasjon, vil det vere mogleg å bestille time på legekontoret frå 20. oktober 2025. Det vil ikkje vere mogleg å setje opp timar før denne datoen.

For andre innbyggjarar utanom risikogruppe og for dei under 65 år vil det vera mogleg å bestille time på legekontoret frå 12. november 2025. Det vil ikkje vere mogleg å setje opp timar før denne datoen.

Kvar skjer vaksineringa?

Det vert vaksinering på Gossen og i Julsundet. Vêr merksam når du bestiller time slik at du bestiller på rett stad. 

  • Vaksinasjon på Gossen vil bli torsdag 16. oktober i Kyrkjelydshuset frå kl 09.00 – 15.30, berre etter avtale.
  • Vaksinasjon i Julsundet vil bli fredag 17. oktober på Mevoldtunet frå kl 09.00 – 14.00 berre etter avtale.

Slik bestiller du time

Du kan bestille time på to forskjellige måtar: 

  1. Ring legekontoret på telefonnummer 71 17 14 00 eller til vaksinasjonskontoret på telefonnummer 90 69 25 58
  2. Du kan bestille time via nettstaden eller appen til helsenorge.no: 
    1. Trykk på “Bestill time”, 
    2. Du får spørsmål om å logge deg på med BankID 
    3. Trykk på Vaksine og vêl kor du vil vaksinere deg.

Betaling

Betaling  med bankkort eller  Vipps både i Kyrkjelydshuset og på Mevoldtunet. 

Kva kostar vaksinen?

Rettleiande pris fra FHI:

  • Influensavaksine: Kr 301 
  • Koronavaksine: Kr 110
  • Pneumokokkvaksine: Kr 110
  • Samvaksinasjon med influensa og koronavaksine: Kr 386
  • Samvaksinasjon med influensa og pneumokokkvaksine: Kr 386
  • Samvaksinasjon med korona og pneumokokkvaksine: Kr 170
  • Samvaksinasjon for alle vaksiner: Kr 471

Kva type  vaksiner inngår i vaksinasjonsprogrammet  og kven kan få vaksine?

Influensavaksine 

  • Bebuarar i omsorgsbolig og sjukeheim
  • Aldersgruppa 65 år og eldre
  • Barn og vaksne med definerte risikotilstandar og sjukdommar
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke, samt alle gravide som inngår i risikogruppa
  • Prematur fødte barn frå 6 måneder til 5 års alder


Pneumokokkvaksine 

  • Personar født i 1960 eller seinare frå det kalenderåret dei fyller 65 år
  • I år vil det etter Nasjonale retningslinjer kun gjelde personar født i 1960
  • 2026: Personer født i 1961 og uvaksinerte født i 1960 

Koronavaksine

  • Personar i omsorgsbolig og sjukeheim
  • Aldersgruppe 75 år og eldre
  • Aldersgruppe 18-74 år med definerte risikotilstandar og sjukdommar
  • Aldersgruppe 12-17 år med alvorlig grunnsjukdom etter individuell vurdering
  • Aldersgruppe 65-74 år: Ikkje anbefalt vaksine, men likevel inkludert i program 

Kven bør vaksinere seg?

Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg: 

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimestar). Gravide i 1. trimestar med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Barn og vaksne med: 
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),
    • diabetes typa 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Informasjon frå FHI om vaksine mot sjukdommar i vaksineringsprogrammet for vaksne (influensavaksine, koronavaksine og pneumkokkvaksine)

Kontakt

Tiili Renathe Stamsvik
Avdelingsleiar
E-post
Mobil 90 69 25 58

Opningstider

Legekontoret

Kvardagar mellom kl. 08.00 og 16.00