Registrer positiv hurtigtestHer kan du registrere at du eller barna dine har teke ein positiv hurtigtest for covid-19. Deretter kan du registrere nærkontaktar.Kva gjer du når hurtigtesten viser positivt? Dersom du blir smitta med korona er det ikkje lenger eit krav at du må isolere deg. Har du fått stadfesta koronasmitte bør du halde deg heime i 4 døgn frå symptoma starta og til du har vore feberfri i eitt døgn. Hald avstand til andre i heimen og bruk munnbind. Skoleelevar treng ikkje halde seg heime i fire døgn om dei vert smitta med korona. Elevane treng berre halde seg heime dersom dei er sjuke, og dei kan gå på skolen eller i barnehagen når dei har vore utan feber i 24 timer. Registrer resultatet her: Registrer hurtigtestFor å registrere ein positiv hurtigtest må du logge på med elektronisk ID (MinID, BankID, Buypass, Commfides eller BankID på mobil). Dersom du ikkje har elektronisk ID kan du ta kontakt med koronakotakten for få registrert sjølvtesten.Registrere på vegne av andreDu kan registrere positive sjølvtestar på vegne av andre som ikkje har anledning til å logge inn med elektronisk ID sjølv. Logg inn med din elektroniske ID, og velg kven du skal registrere for. Du må ha fødsels- og personnummeret til personen du skal registrere for. Publisert 28.01.2022 10:29 Sist endra 11.07.2024 11:05