Treningstilbod til deg som har eller har hatt kreftHar du kreft eller har hatt kreft? Då kan dette tilbodet vere noko for deg.Om tilbodetOnsdagar kl. 10-11Treningssalen på Aukra omsorgssenterKvar onsdag køyrer vi ei felles treningsøkt i treningssalen på Aukra omsorgssenter. Treninga viser vi på storskjerm via Pusterommet - Aktiv mot kreft. Etter treninga er det mogleg å vere i lag fram til kl. 12. Då kan vi kjøpe oss lunsj eller drikke ein kopp kaffi saman. Vi nyttar eige rom til stunda mellom kl. 11-12.Dette er eit lågterskel-tilbod og treninga passar dei fleste. Ta med ei treningsmatte om du har. Treninga og kaffien er gratis.PåmeldingTenkjer du at dette kan vere noko for deg? Ta kontakt med kreftkoordinator Inger Kristine Kjellnes eller fysioterapeut Therese Stokke Viken om du har spørsmål eller har lyst å komme.Kontakt Inger Kristine KjellnesKontakt Therese Stokke Viken Publisert 06.02.2026 10:02 Sist endra 05.10.2026 14:53