For mange kan tanken på å dele personlege og private opplevingar i ei gruppe vere ubehageleg. Andre etterlatte framhevar særskilt at den gjenkjenninga og identifiseringa ein kjenner ved å møte andre i same situasjon er det viktigaste med å delta i ei sorggruppe.
Sorggruppa er ein stad der du kan dele kjensler og uttrykke sorga di saman med nokon som «verkeleg forstår», og dei vonde opplevingane vert anerkjent og får plass. Du kan både gje og få råd og informasjon. Det kan også gje livsmot og håp å sjå og høyre at det er mogeleg å kome seg vidare i livet etter eit stort tap.
Deltaking i ei sorggruppe kan bidra til betre livskvalitet og psykisk helse, noko som gjer det lettare å vende tilbake til ein normal kvardag, og til dømes unngå lang sjukmelding.