GrensejusteringFor å rette opp i upraktiske grenser mellom eigedomar, kan ein gjennomføre ei grensejustering/makeskifte. Ei grensejustering vil seie at mindre areal kan førast over mellom to matrikkeleiningar (eigedomar) som har felles noverande grense. For overføring av større område, sjå arealoverføring. Ei grensejustering krev at det vert teke ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle matrikkeleiningane blir klarlagd og beskrive. Vilkår for grensejustering Areala skal vere nokolunde like i storleik og verdi. Av omsyn til panterett er det berre mindre areal som kan overførast mellom eigedomane. Arealet for involverte eigedomar kan aukast eller reduserast med inntil 5 prosent (maksimalt 500 m²). Kven kan søkje om grensejustering? Eigar (heimelshavar), festar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt, kan søkje om grensejustering. Slik søkjer du om grensejustering Fyll ut søknadsskjemaet om grensejustering Merk av i skjemaet kva du søkjer om Søknaden sender du til Aukra kommune Søknaden må vere underteikna av alle eigarane og eventuelt festarar av dei rørde eigedomane. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar av eigedomen, må det leggjast fram firmaattest av nyare dato. Vedlegg Søknaden må innehalde forslag til ny grense og den må du teinke inn på eit kartutsnitt. I tillegg må du opplyse om kor stort areal som blir overført. Kva skjer vidare med søknaden din? Kva skjer vidare etter du har søkt om grensejustering? I dei fleste tilfelle er det ikkje nødvendig med noko vedtak før vi gjennomfører grensejusteringa. Vi vurderer om søknaden er innanfor reglane for grensejustering. Dersom det blir søkt om grensejustering mot f.eks. veggrunn, friareal eller LNF-område, må søknaden behandlast av byggjesak før vi kan gjennomføre oppmålingsforretning, der søkjer, rørte partar og landmålar møtast på aktuelle eigedom. For å justere arealet må vi gjennomføre ei oppmålingsforretning. Det vil seie at vi kartlegg grenser og rettar til fast eigedom, og merke og måler nye og gjeldande grenser i marka som er i tråd med partane sine påstandar og framlagga dokument. Før oppmålingsforretning Varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning/møte på aktuell eigedom, blir send til eigarar (heimelshavarane) og naboar til den aktuelle grensa. Partane blir varsla seinast 2 veker i framkant dersom ikkje anna er avtalt. Dersom somme skal møte i staden for dei som er innkalla, må desse ha skriftleg fullmakt. Oppmålingsforretning Nye grenser vert merka i marka og blir målt inn etter dagens krav til nøyaktigheit. Det skal førast protokoll over kva som er klarlagt og avtalt under møte på eigedomen. Grensejusteringa blir ført i matrikkelen. Etter oppmålingsforretning Vi utarbeider nye matrikkelbrev for eigedomane. Dei nye matrikkelbreva blir sende til søkjar/rekvirent, rørte partar får tilsendt kartutsnitt med ny grense saman med eitt følgjeskriv. Kva kostar det? Saksbehandlingsgebyret går fram av Aukra kommune sitt gebyrregulativ. Sjekk gebyret Klage Du har 3 veker klagefrist frå de har motteke brevet frå oss. Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du til: Aukra kommune Nyjordvegen 12 6480 Aukra Eller du kan sende klaga på e-post til post@aukra.kommune.no Sist endra 11.07.2023 09.30