Grensejustering

For å rette opp i upraktiske grenser mellom eigedomar, kan ein gjennomføre ei grensejustering/makeskifte.

Ei grensejustering vil seie at mindre areal kan førast over mellom to matrikkeleiningar (eigedomar) som har felles noverande grense.

For overføring av større område, sjå arealoverføring. Ei grensejustering krev at det vert teke ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle matrikkeleiningane blir klarlagd og beskrive.

Vilkår for grensejustering

  • Areala skal vere nokolunde like i storleik og verdi.
  • Av omsyn til panterett er det berre mindre areal som kan overførast mellom eigedomane.
  • Arealet for involverte eigedomar kan aukast eller reduserast med inntil 5 prosent (maksimalt 500 m²).

Kven kan søkje om grensejustering?

Eigar (heimelshavar), festar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt, kan søkje om grensejustering.

Slik søkjer du om grensejustering

Vedlegg

Søknaden må innehalde forslag til ny grense og den må du teinke inn på eit kartutsnitt. I tillegg må du opplyse om kor stort areal som blir overført.

Kva skjer vidare med søknaden din?

Kva kostar det?

Saksbehandlingsgebyret går fram av Aukra kommune sitt gebyrregulativ.

Sjekk gebyret

Klage

Du har 3 veker klagefrist frå de har motteke brevet frå oss.

Kontakt

Svein Rune Notøy
Arealplanleggar
E-post
Mobil 90 99 86 20
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30