Innsyn i saker og dokument

Postjournalen inneheld ei oversikt over intern korrespondanse og post sendt til og frå Aukra kommune.

Generelt

  • Den publiserte journalen viser arkivdelane SAK og GBNR.
  • Postjournalen inneheld ikkje opplysningar frå fagsystem eller arkivdelane BARN, ELEV, SKATT, PERS
  • Kommunen sin postjournal blir publisert med ei forseinking på 4 dagar.
  • All post til og frå kommunen er offentleg, om den ikkje er omfatta av teieplikt. All post kjem på offentleg postjournal. Det vil seie at du kan finne ditt brev omtalt, sitert eller heilt eller delvis attgjeve i avisa eller på nyheitene.
  • E-post er ingen trygg sendemåte. Send difor ikkje sensitive opplysningar i e-post. Den kan bli henta av andre før den kjem fram til mottakar, hamne på feil adresse eller anna.

Innsyn i byggjesak

Du har rett til å krevje innsyn i di eiga byggjesak. Ta kontakt med kommunen om du ønskjer innsyn i saka. Dersom du er part i saka, kan du og få innsyn i saksdokument som ikkje er publisert på heimesida.

Innsyn i politiske saker til behandling

Publikum får tilgang til møteplan for styre, råd og utval. Der ligg møteinnkallinga og møteprotokoll med tilhøyrande saksframlegg med vedlegg. NB: Komplett møteinnkalling vil ofte vere store dokument som kan vere tunge og laste ned.

Innsyn i andre saker

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande registre. Alle saksdokument i kommunen er offentlege om det ikkje er gjort unntak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan takast unna frå offentlegheita, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør bli gjort kjent, heilt eller delvis, jf. offentleglova § 11.

Større openheit og enklare innsyn i kommunen sine aktiviteter, er ein styrke for lokaldemokratiet. I følgje offentleglova § 28 kan krav om innsyn rettast munnleg så vel som skriftleg til Aukra kommune. Kravet bør likevel vere retta mot ei bestemt sak eller ein spesifikk type saker. 

Ta kontakt med kommunen om du ønskjer innsyn.

Saksbehandlingstid

Krav om innsyn vil normalt bli behandla i løpet av 3 arbeidsdagar. Om svar ikkje er motteke i løpet av 5 arbeidsdagar, er dette å rekne som eit avslag som kan klagast på. Klageinstans vil vere Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Avslag/klage

Eit direkte avslag på krav om innsyn vil komme skriftleg og vil vise til aktuell heimel i lov eller forskrift for avslaget, samt opplysning om 3 veker klagefrist, jf. forvaltningslova § 29. Sjølve klageprosessen er nærare omtalt i offentleglova §§ 31 og 32.

Kontakt

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra