Ferdigattest og bruksløyve

Ferdigattest og bruksløyve

Tiltak med søknadsplikt

Når byggverket er ferdig, må du søkje om ferdigattest. Normalt er det ansvarleg søkjar som må søkje om ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Ved tiltak der det ikkje er ansvarleg søkjar, er det tiltakshavar som skal sende inn søknaden.

Slik søkjer du om ferdigattest og bruksløyve

Du finn søknadsskjema om ferdigattest og bruksløyve på DIBK sine sider.

Vedlegg som må følgje søknad om ferdigattest/mellombels bruksløyve

Ansvarleg søkjar sender inn søknad:

  • Gjennomføringsplan
  • Sluttrapport med avfallsplan (berre ved enkelte typar tiltak)

Tiltakshavar sender inn søknad:

  • Oppdatert situasjonsplan
  • Oppdaterte teikningar
  • Dokumentasjon om tiltaket si plassering slik den er utført

Tiltak utan søknadsplikt

Oversikt over tiltak utan søknadsplikt finn du på Direktoratet for byggkvalitet sine sider.

Kva kostar det?

Det er gratis å søkje om ferdigattest og bruksløyve.

Lover og reglar

Les meir om regelverket.

Kontaktinformasjon

Ingrid Ilestad
Saksbehandlar
E-post
Mobil 909 53 258

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30

Adresse

Aukra kommunehus
Nyjordvegen 12
6480 Aukra