Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Skjenketider for alkohol

Generelt om skjenketid

Skjenketida for alkoholhaldig drikk skal følgje skjenkestaden sine opningstider. Skjenking må opphøyre seinast 30 minutt før skjenkestaden stenger.

Maksimaltid for skjenking

  • Alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 kl. 08:00 - 01:30 der lokala har opningstid til kl. 02:00
  • Alkoholhaldig drikk i gruppe 3 kl. 13:00 - 01:00 der lokala har opningstid til kl. 02:00

For ei enkeltbevilling for slutta selskap kan kommunen gje dispensasjon etter søknad når det ligg føre særlege grunnar. Dispensasjonsspørsmålet vert avgjort av ordføraren.

Kva betyr gruppe 1, 2 og 3

  • Alkoholhaldig drikk i gruppe 1: over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • Alkoholhaldig drikk i gruppe 2: over 4,7 mindre enn 22 volumprosent alkohol
  • Alkoholhaldig drikk i gruppe 3: frå og med 22 til og med 60 volumprosent alkohol

Regelverk

Alkoholpolitisk handlingsplan for Aukra kommune (PDF, 473 kB)

Forskrift om sals-, skjenke- og opningstider for Aukra kommune (PDF, 71 kB)

Kontakt

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30