Kontroll av sals- og skjenkestadarAnsvarleg sal og skjenking er bevillingshavar sitt ansvar. Kommunen tek lovbestemte kontrollar på alle sals- og skjenkestadar. Kvar stad skal få minst ein kontroll kvart år.Sals- og skjenkekontrollarDette ser kontrollørane etter:Sal eller skjenking av alkohol til mindreårigeSal eller skjenking av alkohol til personar som er tydeleg berusaSal eller skjenking av alkohol utover fastsatt sals- eller skjenketidOmsetning eller bruk av narkotika på skjenkestadenDiskriminering av gjestarUforsvarleg driftInternkontrollHindring av skjenkekontrollBrot på forbodet mot alkoholreklameAlkohol som vert teken med ut av skjenkeområdetMedbragt alkohol som vert konsumert inne på skjenkeområdetKontrollørar oppdagar mogleg brot på regelverketDersom kontrollørane oppdagar mogleg brot på regelverket, fortel dei kort om sine observasjonar til den ansvarlege på staden. Etterpå får bevillingshavar eit brev med resultatet av kontrollen og kontrollrapporten. Bevillingshavar får anledning til å kommentere rapporten før kommunen avgjer, om forholdet utgjer eit brot på regelverket eller ikkje. Dersom kommunen konkluderer med brot på alkohollovgivinga, er vi forplikta til å tildele prikkar. Får du tildelt tolv eller meir prikkar i løpet av to år, vil kommunen inndra bevillinga for ein periode.Her kan du sjå kor mange prikkar som vert tildelt ved forskjellige typar brot. Publisert 10.07.2018 10.10 Sist endra 22.07.2026 14.46