Tilskot til drenering av jordbruksjord

Om tilskot til drenering

Kommunen får kvart år tildelt midlar til drenering av vassjuk jord. Føremålet med ordninga er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord, samt å redusere faren for erosjon og avrenning av næringsstoff til vassdrag og sjø. 

God drenering av jorda er viktig for å kunne auke matproduksjon og eit viktig ledd i å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. I tillegg er drenering av vassjuk jord eit godt klimatiltak. Forskning tyder på at godt drenert jord slepp ut betydelig mindre lystgass enn vannmetta jord, der lystgass er ein sterk drivhusgass.

Kven kan søkje om tilskot til drenering?

  • Både eigar og leigar av landbrukseigedommar i drift kan søkje om tilskot. Det må vere tilskotsberettiga drift på eigedomen.
  • Ved søknad om tiltak på leigejord må det føreligge løyve frå eigar

Kva kan du få dreneringstilskot til og kor mykje?

  • Drenering av jord som tidlegare har vore drenert
  • Systematisk grøfting, profilering eller omgraving. Dette har ein tilskotssum på 4 000 kr per dekar. 
  • Usystematisk grøfting. Dette har ein tilskotssats på 61 kr per meter, men maks 4 000 kr per dekar som påverkast av tiltaket.

Korleis søkje om tilskot til drenering?

Vedlegg til søknaden

  • Kart som viser arealet eller objekt, der tiltak skal bli gjennomført, og korleis grøfter vert lagt
  • Kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoff og andre forhold av miljømessig betydning skal vere kartfesta og beskrive. Du kan bruke Gårdskart som hjelpemiddel.
  • Ved søknad om tiltak på leigejord må du legge ved skriftleg løyve frå eigar

I tillegg kan det vere aktuelt å laste opp følgjande vedlegg:

  • Avtale med eigar om å gjennomføre tiltaket
  • Dokumentasjon av tidlegare drenering eller planering
  • Detaljert kostnadsoverslag

Frist for å søkje om dreneringstilskot

Det er ingen søknadsfrist, du kan søkje heile året.

Meir informasjon

Klage på vedtak om tilskot til drenering

Kontakt

Beate Lillebostad
Rådgjevar landbruk
Jenny Grimstad
Rådgjevar landbruk
Andreas Granli
Rådgjevar skog
Sentralbord Aukra kommune
Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

  • Sentralbord kl. 9.00-14.30
  • Kommunehuset kl. 10.00-14.00