Stimuleringsfondet vidarefører og erstattar tidlegare tilskotsordning som vart oppretta som eit resultat av vedtatt kommunedelplan for energi, miljø og klima 2010 og vert vidareført gjennom ny klima- og miljøplan.
Kommunestyret vedtok følgjande i samband med budsjett 2025 og økonomiplan:
Stimuleringsfond for landbruk
- Fond for tilrettelegging av næringssatsing fram mot 2030» vert fordelt med eigen avsetting til landbruk. Av midlar på fondet pr. 01.01.2025 på kr 28.085 000, vert kr 2 mill av fondet overført til «Stimuleringsfond for landbruk»
- For seinare år skal 10% av dei årlege avsetningane til «Fond for tilrettelegging av næringssatsing fram mot 2030» fordelast til «Stimuleringsfond for landbruk».
- Retningslinjer for bruk av «Stimuleringsfond for landbruk» skal bli rullert og lagt fram for politisk handsaming i løpet av 2025.
Inndekning: Fond for tilrettelegging av næringssatsing fram mot 2030
- 2025: 2.000.000
- 2026-2028: 10% av årlege avsetning til «Fond for tilrettelegging av næringssatsing fram mot 2030.
Landbruksnæringa er sårbar i kommunen då det er få aktive bruk att, fleire bruk står framfor større investeringar og det er lett å heller legga ned drifta enn å investere vidare. Eit slikt stimuleringstilskot skal motivere til vidare arbeid, primært for dei aktive bruka, då denne næringa representerer ei samfunnsbygging ein treng vidare i Aukra.
Tiltak som legg til rette for betre klima og eit meir miljøvenleg landbruk skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Landbruket står framfor store klimautfordringar, og det er stilt store klimakrav dei næraste åra. Landbruksnæringa må førebu seg på dei klimaendringane som kjem, men kan også med konkrete tiltak bidra til reduksjon av klimagassutslepp og støtte opp under ein berekraftig forvaltning av naturen og kulturlandskapet. Stimuleringstilskotet skal støtte opp under slike tiltak.
Vilkår for å søkje om stønad til tiltak er at det er aktiv drift på landbrukseigedomen, at søkjar har rett på produksjonstilskot i jordbruket, og er mva-registrert. Det vert ikkje gjeve tilskot til tiltak som er starta opp.
Dersom omsøkt tiltak krev løyve/godkjenning frå offentleg myndigheit, er søkjar sjølv ansvarleg for å ordna dette. Døme på slikt løyve er byggjeløyve, godkjenning av plan for nydyrking, godkjenning av landbruksveg osb.
Det er oppretta eigen fondskonto for denne ordninga.