SMIL - spesielle miljøtiltak i jordbruket

SMIL-midlar er eit tilskot til føretak som vil gjennomføre miljøtiltak på ein landbrukseigedom. Føremålet er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt å redusere forureining frå jordbruket.

Kven kan søkje om SMIL-midlar?

  • Både eigar og leigar av landbrukseigedommar i drift kan søkje om tilskot. Det må vere tilskotsberettiga drift på eigedomen.
  • Ved søknad om tiltak på leigejord må det føreligge skriftleg løyve frå eigar.

Kva kan du få SMIL-midlar til?

  • Forureiningsreduserande tiltak
  • Kulturlandskapstiltak
  • Miljøtiltak utover vanleg jordbruksdrift
  • Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt

Korleis søkje om SMIL-midlar?

Vedlegg til søknaden

  • Kart som viser arealet eller objekt, der tiltak skal bli gjennomført
  • Kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoff og andre forhold av miljømessig betydning skal vere kartfesta og beskrevet. Du kan bruke Gårdskart som hjelpemiddel.
  • Ved søknad om tiltak på leigejord må du legge ved skriftleg løyve frå eigar

I tillegg kan det vere aktuelt å laste opp følgjande vedlegg:

  • Gjødslingsplan
  • Plantevernjournal
  • Arbeidsteikningar som beskriv materialar og metodar
  • Bilete av objektet/arealet

Frist for å søkje om SMIL-midlar

  • Frist for å søkje om SMIL-midlar er 1. april kvart år.
  • Er det tilskotsmidlar att kan du søkje også etter fristen.

Aukra kommune sine retningsliner for tildeling av SMIL-midlar

Retningsliner for prioritering av søknadar om tilskot i Aukra kommune 2024-2027

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om SMIL-midlar på Landbruksdirektoratet si heimeside.

Klage på vedtak om SMIL-midlar

Kontakt

Jermund Vågen
Leiar landbrukskontoret
E-post
Mobil 97 57 07 99
Sentralbord Aukra kommune
Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

  • Sentralbord kl. 9.00-14.30
  • Kommunehuset kl. 10.00-14.00