Sal av tomter på Torhaugmyra austStorleik og pris på tomtene Storleik på tomtene varierer frå 500-900 m². Pris per m² er kr 860,-. Du vil få opp totalprisen for eigedommen du har valt i søknadsskjemaet. Prisen vert indeksregulert kvart år. Dette er inkludert i prisen Kvar tomt er tilknytt kommunal veg. Leidningar for kloakk, overvatn og drikkevatn er lagt fram til tomtegrense. Dette kjem i tillegg til prisen Gebyr for deling og oppmåling Tinglysingsgebyr og dokumentavgift Korleis reservere ei tomt? Du kan reservere ei tomt i to månadar. Reservering av tomt krev innlogging med MinID. Nedanfor finn du ei oppskrift, korleis du må gå fram for å reservere ei tomt. Gå inn på kartet. Du får opp ei side der du kan velje ei tomt. Du kan zoome i kartet ved å bruke enten +/- nedst til høgre, dobbeltklikke eller scrolle. Klikk på eigedommen du ønskjer. Klikk på pila i høgremenyen under "Kartlagsinfo for valgt punkt". Då vil informasjon om tomta komme opp. Klikk på «ting denne tomten» nedst til høgre. Du vil nå komme til tingingsskjemaet. Når du har sendt inn tingingsskjemaet, vil du få ei kvittering på e-post. Vilkår for kjøp av tomt Nedanfor finn du dei viktigaste vilkår for kjøp av tomt. Lista er ikkje fullstendig. Ved kjøp av tomt samtykker du i retningslinjene for sal av kommunale bustadtomter til private. (PDF, 29 kB) Det er difor viktig at du les nøye gjennom retningslinjene. Tomtene vert selt berre til privatpersonar. Berre ei tomt per husstand jamfør retningslinjene. Tomtearbeid/bygging skal vere starta opp innan eitt år etter tildelinga. Du kan ikkje selje vidare ubebygd tomt. Treng du hjelp eller meir informasjon? Du kan ta kontakt med vår byggesaksbehandlar. Reguleringsplan Reguleringsplan Torhaugmyra aust endring 03 - føresegner (PDF, 627 kB) Plankart Torhaugmyra aust (PDF, 2 MB) Retningslinjer Retningslinjer for sal av kommunale bustadtomter til private. (PDF, 29 kB) Sist endra 24.03.2023 23.16