Open kveld

Open kveld sommar

I sommar er det Open kveld kvar fredag kl. 19.00-23.00 i Sentralen på kulturhuset - utanom veke 27, 29 og 30.

Du får gratis skyss frå og til ferja - ring eller send SMS til ungdomsarbeidarane på mobil 965 15 043

Kva er open kveld?

Open kveld er eit rusfritt gratis tilbod for ungdom frå 8. klasse og opptil 17 år. Dette er ein møtestad for ungdom, der du blant anna kan spele ulike spel eller berre "henge" saman med venner.

Open kveld Gossen

Dato, tid og stad

Det er Open kveld annakvar onsdag og kvar fredag.

  • Stad: Sentralen (ungdomsrommet på Aukra kulturhus)
  • Onsdag kl. 17.00-20.00
  • Fredag kl. 19.00-23.00

Datoar for hausten 2026

Datoar for våren 2027

Open kveld Julsundet

Open kveld Julsundet er eit tilbod til alle unge i Aukra og til dei som har tilknyting til Julsundet skole frå 8. klasse og opptil 17 år.

Dato, tid og stad

  • Stad: Julsundet skole
  • Dag: Torsdag annakvar veke
  • Tid: kl. 18.30-21.30

Datoar for hausten 2026

Datoar for våren 2027

Korleis deltar eg på open kveld?

Det er ingen påmelding. Det er berre å møte opp.

Koster det noko?

Tilbodet er gratis.

Lik Ung i Aukra på Facebook!

Ungdomsarbeidaren i Aukra kommune har eiga side på Facebook, der du kan få informasjon kring arrangement og kva som skjer i kommunen.

Lik Ung i Aukra på Facebook

Kontakt

Jenny Småge
Miljøarbeidar
Dovile Augulyte
Miljøarbeidar
Thomas Luis Engås Mordal
Fritidslos
Aukra kulturhus
Besøksadresse: Aukraringen 3, 6480 Aukra
Telefon 90 98 62 51

Opningstider

Aukra kulturhus

Kulturadministrasjonen er ope måndag til fredag kl. 8.00 til kl. 15.30

  • Måndag kl. 8.30-18.00
  • Tysdag kl. 6.30-19.00
  • Onsdag kl. 8.30-20.00
  • Torsdag kl. 6.30.-20.00
  • Fredag kl. 8.30-19.00
  • Laurdag kl. 10.00-15.00
  • Søndag kl. 11.00-15.00