Månadsarrangement for ungdom

Tilbodet er for ungdommar frå 8. klasse til 17 år i Aukra kommune.

Kva er månadsarrangementet?

Kvar månad har vi eit større arrangement for ungdom i Aukra kommune. Tidlegare månadsarrangement har vore Neonparty, Mexican fiesta, karaoke, konsertar, diskotek eller Halloween kino.

Tilbodet er rusfritt og for ungdommar frå 8. klasse til 17 år i Aukra kommune.

Dato, tid og stad

  • Stad: Aukra kulturhus
  • Dato og tid: Fredag eller laurdag kveld

Følg Ung i Aukra på sosiale medium for å sjå arrangementa som kjem.

Ung i Aukra på Facebook

Ung i Aukra på Instagram

Korleis deltar eg på månadsarrangementet?

Det er ingen påmelding. Det er berre å møte opp.

Kostar det noko?

Det er stort sett gratis inngang, med unntak av nokre konsertar. Sal av kioskvarer.

Lik Ung i Aukra på sosiale medium

Ungdomsarbeidaren i Aukra kommune har eiga side på Facebook og Instagram, der du kan få informasjon kring arrangement og kva som skjer i kommunen.

Lik Ung i Aukra på Facebook

Følg ungiaukra på Instagram

Du finn oss også på Snapchat. Søk på ungiaukra.

Har du eit ønske?

Har du eit ønske for eit av månadsarrangementa, send oss ei melding!

Kontakt

Jenny Småge
Miljøarbeidar
E-post
Mobil 95 14 79 36
Aukra kulturhus
Besøksadresse: Aukraringen 3, 6480 Aukra
Telefon 90 98 62 51