Orta

Etter ein flott ferjetur frå Småge ferjekai på Gossen, kjem du til Orta. Orta er ei lita øyperle i havgapet der all slags vêr har sin eigen sjarm.

Om Orta

Orten, også skrive Orta, er ei øy i Aukra kommune i Møre og Romsdal. Namnet Orta har truleg opphav i ordet «Urptir», som av gammalnorsk betyr verpe/hekkeplass for fugl.

I 50-åra budde det sundt 60 personar på Orta. 

I 1761 ble Orta skildra slik: "Dette er en liden Smuk Øe, som ligger midt paa den store Orte-Fiord, men omgives af efterfølgende Øer, Otterøen, Harøen, Sandøen, Huusøen, Onens Fiskevæhr, Lyngevæhret og Gossen. Alle disse Øer giør ligesom en Circel om denne Lille Øe."

Med rundt 10 fastboande,eit posthus og gardsbruk, er dette ei fasinerande øy å besøke. Magisk både på ein finværsdag og i ruskevær. I overgangen mellom sjø og land, på strender, svaberg og grunne viker, er det eit spannande plante- og dyreliv. 

Rambjøra

Rambjøra i Orta er ein av kommunen sine StikkUT-postar og er eit ypperleg turmål for deg som ønskjer ein kort, men fin tur i havgapet.

Slik kjem du til Rambjøra

Frå fergekaia på Orten går du ca. 20 m på asfalt, som går over i ein fin grusveg. Rett etter du har passert Posten på høgre side, kjem du til første vegskille. Der tar du til venstre. Så kjem du til eit hus med ein nydelig hage, her svinger veien og du held til høgre i vegskille.

Ved neste vegskille, følger du vegen rett fram. Her går du på ein veg med bartrær på begge sider. Undervegs passerar du ei artig, lita hytte på venstre side. Etter kvart går grusvegen over til traktorveg, som igjen går over til sti. No ser du tydeleg det høgaste punktet på Orten, her står StikkUT!-posten.

Herifrå er det ikkje mulig med barnevogn eller rullestol. Siste 200 m går stien over ei myr, før den bratte stigningan mot toppen. Oppe på Rambjøra (28 moh), øyas topp-punkt, belønnes du med ei fantastisk utsikt over øya og heile Øyriket. Herfra er det fantastisk utsikt over Orten og Øyriket med bl.a Sandøya, Harøya, Ona, Midsund og Aukra. Og på finværsdager kan du se helt til Sunnmøre. 

Denne turen er magisk både på en finværsdag og i ruskevær. Er du heldig, kan du sjå oter og havørn som er i sterk vekst. Litt av turen, går også gjennom ein liten skog av bartrær på begge sider av vegen.

Kulturminne

Torvmyra

Ruteskildring til Orta

Mange kjem med eigen båt og Orta har ei gjestehamn.

Du tek ferja frå Hollingen til Aukra ferjekai på Gossen, og vidare til Småge og ei ny ferge til Orta. Ved fergekaia på Småge kan du sette igjen bilen. Ingen parkeringsavgift.

Ferjeturen frå Småge til Orta tek ca. 20-25 minutt. 

Bilvegen - Klikk for stort bilete
Bestestauå - Klikk for stort bilete
Gardstun - Klikk for stort bilete
Postkontor - Klikk for stort bilete
Blomsterprakten ved Bestestauå - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete
Bilde frå Orta - Klikk for stort bilete

Kontakt

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Kart