Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Denne ruta er omlag 4 km lang.
Etter ein vakker tur over fjorden med ferja startar sykkelturen på Aukrasanden. Hiv deg på sykkelen og følg skiltinga mot sentrum.
På vegen syklar de forbi påskeliljemarka som i perioden april/mai blomstrar med tusenvis av nydelige påskeliljer. Les meir om påskeliljemarka her.
Rett over påskeliljemarka kjem de til vakre Aukra kyrkje, som vart bygd i 1835. I nærleiken finn de også idrettshallen med ein fin leikeplass tilgjengelig. Kanskje første rast skal vere her?
Herifrå kan de sykle inn i Aukraskogen, sjå på informasjonsskilt som står mellom kyrkja og idrettshallen, her er det ulike ruter å velje mellom på fine stiar/grusvegar i skogen. I Aukraskogen er det ein fin gapahuk og her kan ein også ta ein pust i bakken, evt. ha eit krypinn om det skulle regne litt. Herifrå kan de sykle ulike ruter som tek dykk tilbake til ferjekaia.
Eit alternativ er å sykle mot Berghaugen og vidare ned mot Tangevegen og så sykle attende til ferjekaia.
Publisert 24.07.2023 11.14
Sist endra 14.11.2024 10.32