Plikta i forureiningslova § 7 for å unngå forureining inneber krav til at arbeidet må utførast på ein slik måte at det ikkje utgjer noko fare for forureining. Dette krev at aktøren har tilstrekkeleg kompetanse på feltet.
Du må ikkje søke om å fjerne oljetanken, og kan sjølv ta direkte kontakt med eit godkjend firma for tømming og reingjering.
- Før oppgraving skal tanken tømmast og reingjerast av godkjent firma
- Påfyllingsrøyr til tanken skal fjernast
På oljefri.no kan du lese kva du skal gjere, steg for steg, for å kvitte deg med tanken.
Informasjon om fjerning av tank på oljefritt.no
Når du på riktig vis har kvittet deg med tanken, må kommunen få melding om det. Firma som driver med tanksanering er pålagt å gjere dette for deg, men det er du som har det endelige ansvaret for å sørge for at det er gjort.
Melding om fjerning av nedgravd oljetank
Send inn melding om fjerning
Vedlegg til melding om fjerning av nedgravd oljetank
- Kart over eigendomen med innteikna plassering av oljetank
- Dokumentasjon på etterbehandling av tanken. Dersom tanken går til destruksjon må du leggje ved dokumentasjon på reingjering av tanken og levering til godkjent mottak.