Hytterenovasjon

Alle fritidseigedommar i RIR-kommunane pliktar å ha ei renovasjonsordning. Du kan velje mellom to ulike abonnement:

  • Returpunkt for hytterenovasjon
  • Full abonnement med kjeldesortering (standardabonnement)

Returpunkt for hytterenovasjon

I Aukra har vi ikkje hyttecontainarar, men returpunkt for hytterenovasjon.

Dersom du bruker hytta lite og har lita søppelmengd, er dette eit greitt alternativ. Du kastar avfallet i containerar på returpunkta på Gossen eller i Julsundet. Du kan returnere restavfall, papir, plast, matavfall og glass/metallemballasje på begge returpunkt. Vel du dette alternativet slepp du å tenkje på hentedagen. 

Prisen finn du i tabellen nedanfor under "Fastgebyr hytter".

Her finn du informasjon om plassering av returpunkt for hytterenovasjon

Fullt abonnement med kjeldesortering (standardabonnement)

Dersom du bruker hytta mykje eller ønskjer å kjeldesortere, vêl du dette abonnementet. Det kostar noko meir enn alternativet med returpunkta. Du får då utlevert same utstyr som vanlege hushald med standardabonnement og avfallet blir henta etter same frekvens som for dei andre hushalda.

Prisen finn du i tabellen nedanfor under "Fastgebyr renovasjon, per bueining".

Kva kostar det?

Renovasjon standardabonnement
VarenummerType abonnementGebyr for 2026 inkl. mva
560Fastgebyr renovasjon, per bueining4 405
561Fastgebyr hytter2 465
562Fastgebyr renovasjon, hybel (dersom hybel deler dunkar med hovudeining)2 207, 50

Kva dekkjer abonnementa?

Desse abonnementa dekkjer vanleg hushaldsavfall frå hyttelivet.

Farleg avfall, elektriske artiklar og grovavfall frå byggjearbeidar, kjellarrydjing eller anna søppel som ikkje kan kastast i behaldarane, må du levere til gjenvinningsstasjon. Det same gjeld hageavfall.

Gjenvinningsstasjon i Aukra kommune

Kontakt

Ingrid Ilestad
Saksbehandlar

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30