Kreft- og palliasjonskoordinator

Kva er ein kreft- og palliasjonskoordinator?

Mange vil oppleve at det er vanskeleg å få og leve med ein kreftsjukdom eller ein annan livstrugande sjukdom. Det er ofte mykje uviss knytt til sjukdommen, og det er mange spørsmål som krev svar. 

For å lette prosessen for dei som blir ramma av alvorleg sjukdom og deira pårørande, har kommunen ein kreftkoordinator. Ein person som er eit bindeledd mellom kreftpasientar, pårørande, kommunehelsetenesta, fastlege og spesialisthelsetenesta. Kreft- og palliasjonskoordinator kan bidra med å koordinere kvardagen, støtte og hjelpe i alle aldre og alle fasar av sjukdommen, både dei som er under behandling, dei som har blitt friske og dei som må leve med sin alvorlege sjukdom og deira pårørande. 

Kva gjer ein kreft- og palliasjonskoordinator?

  • Gjev informasjon, støtte, råd, rettleiing knytt til diagnose, behandling, rehabilitering, symptomlindring, pleie og omsorg ved slutten av livet. 
  • Koordinerer og legg til rette for ein best mogleg kvardag for kreftsjuke og pårørande. 
  • Heimebesøk hjå pasientar og pårørande for samtale og rettleiing. 
  • Har oversyn over relevante tilbod og tenester i og utanfor kommunen. 
  • Hjelp til med å samordne tilbod og tenester til alvorleg sjuke og deira pårørande, og vere eit bindeledd mellom ulike nivå og tenester. 
  • Bidra til å sikre oppfølging av born og unge som pårørande. 
  • Bidra til gode rutinar og system for kreftomsorg, og den alvorleg sjuke i kommunen. 

Kven kan ta kontakt med kreft- og palliasjonskoordinatoren og korleis søkje om tenesta?

Kreft- og palliasjonskoordinator er eit lågterskeltilbod. Både pasientar, pårørande, vener, fastlege og spesialhelsetenesta kan ta kontakt med kreft- og palliasjonskoordinatoren.

Det er ikkje krav om tilvising frå lege, du kan ta direkte kontakt på telefon.

Kva koster det?

Tenesta er gratis.

Meir informasjon

I oversikta nedanfor finn du meir informasjon om kreft, rehabilitasjon, gratis rettshjelp og mykje meir.

Kontakt

Malene Lillebostad
Leder/fagleder
E-post
Mobil 92 81 93 11

Opningstider

Aukra omsorgssenter

Telefontid: kl. 08.30-15.30