Aktiv seniorAktiv Senior er for deg som er pensjonist og ønskjer å vere med på fysisk aktivitet saman med andre. Vi ønskjer å gje deg eit aktivitetstilbod i kvardagen.Kven kan få tilbod om Aktiv senior?Dette tilbodet er for pensjonistar frå den dagen du går av med pensjon, uavhengig om du er 62 eller 70 år.Slik melder du deg på Aktiv seniorFyll ut påmeldingsskjemaet. Skjemaet er elektronisk.Du får svar på påmeldinga innan kort tid. Kva kostar det å delta på Aktiv senior? Medlemskort kostar kr 400,- per halvår.Innbetalingsgiro vert sendt i posten.Aktivitetar og turplan Aktiv på dagtid og aktiv senior - aktivitetar Aktivitetar DagKl.KorAktivitetMåndag10.00-11.30Fitness Point JendemDu kan gjere ulik oppvarming eller kondisjon, til dømes på spinningsykkel eller tredemølle. Du kan også trene styrke med apparat eller frie vekter.Tysdag14.00-15.00AukrahallenOppvarming, styrke og kondisjonstrening. Ha på gode joggesko til innebruk og ta med eige liggeunderlag, drikke og varme klede. Ta gjerne med kaffi/te og mat til ei sosial stund etter treninga.Onsdag 14.00-15.00BassengetUlike styrke- og kondisjonsøvingar i vatn. I tillegg tid til å svømme eller gjere eigne øvingar.Onsdag12.30-13.30Falken på kulturhusSyng saman. Uformelt sangtilbod med fokus på pust, kropp, stemme og gleda ved å syngje saman.Torsdag11.00-12.30Turgruppe med turleiarTurar til ulike område av kommunen og nabokommunane. Turar på fastlandet startar med oppmøte på ferjekaia på Gossen kl. 10. Deltakarar frå Julsundet kan møte på kaia på Hollingsholmen kl. 10.30. Aktiv på dagtid og aktiv senior - turplan Turplan og praktisk informasjon om turane Om turaneNedanfor finn du turplanen for Aktiv på dagtid og Aktiv senior og litt praktisk informasjon kring turane. Turane går uansett vêr. Ta på eigna klede og sko, eventuelt kaffi/te og niste. Hugs piggsko eller broddar når det er is eller hard snø.SkyssKontakt ein turleiar seinast kl. 9 på turdagen.TurleiararIngunn Tautra mobil 918 14 603Mary Ann Grøttumsbråten mobil 958 87 989Frøydis Sønderland mobil 473 41 289OppmøteDu finn informasjon om stad og klokkeslett for oppmøte i turplanen nedanfor. OBS! Turar på Gossen startar som regel kl. 11, mens turar utanom Gossen startar kl. 10. Ved turar utanom Gossen kan deltakarar frå Julsundet avtale ein møteplass med turleiar. UtstyrBassenggruppe: Ta med badeklede og vassflaske.Turgruppe: Ta på egna klede og sko til utebruk, og gjerne niste og drikke.Aukrahallen: Ta på egna klede og sko til innebruk. Hugs eige liggeunderlag, handduk og vassflaske. Publisert 02.10.2018 16.23 Sist endra 08.01.2025 13.08