Temakafé

Temakafé

Temakafé er ein uformell møtestad for personar som lever med alvorleg uhelbredeleg sjukdom, deira pårørande og etterlatne. 

Målgruppa for temakafé

Målgruppa for temakafé er

  • Personar som har eller har hatt alvorlege diagnoser
  • Pårørande til alle som er ramma av sjukdom
  • Etterlatne

Kva er temakafé?

Vi ønskjer å skape ein arena for deling av erfaringar, og for å danne eit fellesskap som løfter den enkelte litt i kvardagen. Vi har fokus på livskvalitet, humor, glede og metoder for meistring av sjukdommen. Stikk innom for ein kopp kaffi og ein hyggeleg samtale med nokon som har gått, eller går gjennom noko av det same som deg.

På temakafeen tek vi opp ulike tema og held undervisning.

Fagpersonar er tilgjengeleg for å svare på spørsmål, gje råd og rettleiing.

Tema på temakafé

  • Reaksjonar på sorg og krise
  • Om å vere pårørande til nokon med alvorleg sjukdom
  • Seksualitet og alvorleg sjukdom
  • Økonomi og rettar når sjukdom rammar
  • Fatigue/utmatting/søvnproblematikk
  • Forhåndssamtalar og palliativ plan
  • Dei gode samtalane – om å vere kvarandres sjelesørgjar
  • Ernæring og kosthald
  • Informasjon om tilbod til menneske med alvorleg sjukdom i kommunen

Arrangementet er eit samarbeid mellom Aukra kommune, Kreftforeninga, Aukra kyrkje og Boots Apotek.

Dato, tid og stad for temakafé

Dato

  • 25. september 2023 - Fatigue/utmatting og søvnproblematikk
  • 30. oktober 2023 - Økonomi og rettar når sjukdom rammar
  • 27. november 2023 - Førehandssamtaler og palliativ plan
  • 11. desember 2023 - Juleavslutning med god mat og underhaldning

Tid og stad

  • Tid: kl. 11.00-13.00
  • Stad: Bygdestauå (gamle frivilligsentralen)

Kva kostar det å delta på temakafé?

Det er gratis å delta på temakafé.

Påmelding til temakafé

Du treng ikkje å melde deg på. Det er berre å møte opp.

Kontakt

Ved spørsmål kan du ta kontakt med vår kreft- og palliasjonskoordinator Felicia Thorshaug.

Kontakt

Felicia Jessey Thorshaug
Kreftkoordinator/palliasjonskoordinator
E-post
Mobil 46 19 91 50