Aukra kommune

Krav om tilsendt faktura i EHF-format

Krav om tilsendt faktura i EHF-format

Krev du betaling frå Aukra kommune, må det gjerast via faktura i EHF-format til aksesspunktet vårt.

Dersom vi seinare må returnere faktura grunna feil format, vil dette føre til meirarbeid og forsinka betaling frå oss. Rentebelasting grunna sein betaling vil sjølvsagt då ikkje bli akseptert. Krav om tilsendt faktura i EHF-format gjeld og alle einingar i Aukra kommune (helse/skoler/barnehage osv.)

Merk særleg at:

  • Vår fakturaadresse er vårt org.nr: 964 981 337 og aksesspunktet vårt er Nets.
  • Bestillar sitt namn og/eller eining skal kome fram på fakturaen
  • Faktura sendt via epost reknast ikkje som elektronisk faktura og vert ikkje godteke
  • Evt. vedlegg må følgje fakturaen i EHF

Tips for å kome i gang med å utsending av EHF-faktura

  • Les rettleiaren
  • Les veiledning som kort beskriver de ulike valgmulighetene du har for å komme i gang med EHF-fakturering.
  • Alle fakturaer og kreditnotaer til Aukra kommune som ikkje kan sendas som elektronisk faktura skal sendas i pdf-format til fakturamottak@aukra.kommune.no  Fakturaer skal merkas med namn på den personen i kommunen som har bestilt vara/tenesta

Betalingsvilkår

Aukra kommune ønskjer at betalingsvilkår minimum skal vere 30 dagar. Alle fakturaer må behandlas forsvarleg med kontering, attestering og anvisning av fleire tilsette på einingane før den vert sendt tilbake til økonomieininga for betaling. Sjølv om kommunen legg vekt på rask og effektiv behandling, vil det på grunn av behandlingstid ofte gå minst 15 dagar frå fakturamottak til faktura vert godkjent og betalt. Kommunen vil difor ofte få ei utfordring med å overhalde betalingsfristen når den er kortare enn 30 dagar.

Kontaktinformasjon

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00
Fann du det du leita etter?