Plikt til å kople til offentleg avløp
Dersom det er mogleg å kople seg til det kommunale avløpsnettet, er du pliktig til å gjere det. Da kan du ikkje søke om privat avløpsanlegg. Ta kontakt med oss dersom du er usikker.
Les meir om tilknyting til vatn- og avløpsnettet
Må eg søke om utsleppsløyve?
Du må søke om utslippstillatelse hvis du skal:
- Etablere eit utslipp av sanitært avløpsvatn
- Auke eit eksisterande utslepp vesentleg
- Bytte frå ein type reinseanlegg til ein annan
- Etablere utslepp fra små hussamlingar som samarbeidar om felles avløpsløysing
- Etablere avløp som går til lukka tank
I tillegg til utsleppssøknaden, må du sende inn ein byggesøknad etter plan- og bygningslova. Det er krav om søknad med ansvarsrett, så kontakt eit profesjonelt firma som kan søke for deg.
Slik søker du
Berekn god tid – det kan ta tid å samle alle opplysningar du treng. Når du skal etablere eller utbetre eit privat avløpsanlegg, må du søke om både utsleppsløyve og byggeløyve.
Ta kontakt med oss for å få vite kva krav og eventuelle lokale tilpasningar som gjeld. Vi gir deg rettleiing om korleis du skal søke, kva vilkår og krav som gjeld, og om det planlagte anlegget er i samsvar med kommunen sine planar etter plan- og bygningslova.
Vedlegg som du må levere saman med søknaden om utsleppsløyve
Produktarket skal innehalde informasjon om leverandør, modell, materiale og så vidare for anlegget, jamfør krav til utforming og drift i forureiningsforskrifta § 13-11.
Her skal du laste opp dokumentasjon for etablering, drift og vedlikehald av anlegget, jamfør krav til utforming og drift i forureiningsforskrifta § 13-11, krav til prøvetaking i § 13-12, krav til analyse i § 13-14 og krav til vurdering av analyseresultat i § 13-15.
Det skal liggje føre dokumentasjon på at storleiken og plasseringa til anlegget er tilpassa dei aktuelle vassmengdene og grunnforholda på staden.
Dokumentasjonen skal omfatte grunnundersøkingar og innehalde informasjon om
- Hydraulisk kapasitet
- Infiltrasjonskapasitet
- Eigenskapane lausmassen har som reinsemedium
- Risiko for forureining
Naturleg infiltrasjonsanlegg skal i tillegg ha dokumentasjon på at det er brukt godkjend dimensjonering og utforming. Hugs at dokumentasjonen skal vere utført av fagkyndig.
Her må du laste opp eit kart. Kartet må innehalde:
- Plassering av avløpsanlegg
- Utsleppsstad
- Eigedomsgrenser
- Vegtilkomst for slamtømming
- Vedlikehald
Last opp kart i målestokk 1:5000 eller større. Det er ønskeleg med kart i målestokk 1:500 eller 1:1000.
Du må lage ei liste over kven som har blitt varsla, og leggje ved kvittering på at det er sendt varsel, til dømes kvittering på rekommandert sending eller underskrift.
Dersom du har fått klagar eller protestar, skal du leggje dei ved søknaden.
Har du kryssa av for at du søker om unntak frå forureiningsforskrifta §§ 13-7 til 13-16, må du laste opp grunngiving og relevant dokumentasjon her.
Søk om utsleppsløyve for kommunalt vatn frå mindre tettbygd område
Kva koster det?
Saksbehandling og vedtak
Behandling av søknaden startar når vi har motteken ein komplett søknad med alle vedlegg. Du vil få svar innan saksbehandlingsfristen på seks veker.
Vår saksbehandlingsfrist på seks veker gjeld ikkje dersom du søker om unntak frå reinsekrava. Vi behandlar likevel søknaden så fort vi kan.
Dersom du har levert ein ufullstendig søknad, vil vi så raskt som mogleg gi deg beskjed om kva som manglar. Vi kan ikkje starte behandling av søknaden før vi har fått alle nødvendige opplysningar.
Etter at vi har behandla søknaden vil du få tilsendt eit skriftleg vedtak frå oss.
Hugs at du også må ha løyve etter plan- og bygningslova før du set i gang arbeidet.
Klage på enkeltvedtak
Etablering av anlegget
Etter at du har fått nødvendige løyve på plass, må du vente tre veker før du kan starte arbeidet - da har klagefristen gått ut. Du må sette i gang arbeidet seinest tre år etter at du har fått løyve. Dersom arbeidet av ein eller annan grunn stoppar opp og det blir et opphald i arbeidet på lengre enn to år, mister du retten til å etablere avløpet og må søke på nytt dersom du vil fullføre.
Du må oppføre og plassere anlegget som vist i skissen du sendte inn saman med søknaden. Dersom det blir endringar, må du kontakte Aukra kommune før du startar. Ved vesentlege endringar må vi kanskje vurdere løyvet på nytt.
Når anlegget er ferdig skal må du sende inn ei ferdigmelding. Her må du legge ved
- Skisse med påsatte mål for avløpsanlegget
- Gravebilete
Drift av anlegget
Eigar er ansvarleg for drift og vedlikehald av anlegget. Kommunen er tilsynsmynde og skal føre tilsyn med at krava vert overhaldt.
Slamtømming
Det er tvungen tømming av slamavskillarar.
Les meir om slamtømming