Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Kva gjer du med brukte våtserviettar, q-tips, bleier og matrestar? Svaret er som regel enkelt: Kast det i søpla, aldri i do.
Bæsj, tiss og dopapir er alt som skal i do
Avløpssystemet i Aukra kommune er som i dei fleste norske kommunar konstruert og dimensjonert for å ta seg av tre ting: bæsj, tiss og dopapir. Når det kjem andre ting inn i avløpssystema skaper det problem, både i leidningsnettet og på reinseanlegga.
Dette skal du ikkje kaste i do (lista er ikkje uttømmande):
- Våtserviettar
- Sminkefjerneserviettar
- Bomullpads
- Tanntråd
- Kontaktlinser
- Bind og tampongar
- Kondom
- Bleier
- Q-tips
- Hår og lo
- Matrestar - heller ikkje flytande matrestar
- Snus og sneip
- Fett
- Malingsvatn
- Medisinar
Kva er skjer om du kastar andre ting i do?
Kastar du avfall i doen, kan det føre til at røyra tettar. I verste fall kan pumpene bli øydelagt og må bli reparert eller skifta ut.
Kostnadene ved å rydde opp etter problem skapt av søppel i avløpssystemet er det alle abonnentane i vår kommune som må ta. I praksis betyr det at å kaste søppel i doen bidreg til auke av kommunale gebyr.
Publisert 11.06.2025 14.40
Sist endra 16.06.2025 14.26