Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Vi klarlegg gjeldande grenser når det er behov for å få målt og merka grenser for ein eigedom eller grense som ikkje tidlegare er koordinatbestemt.
Kven kan søkje om klarlegging av grense?
Eigar av eigedomen/heimelshavar, eigar av festerett, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt, kan søkje om grensepåvising.
Slik søkjer du om klarlegging av grense
Vedlegg til søknaden:
- Kartutsnitt der det er markert kva grensepunkt som blir kravde kartlagt. Du kan for eksempel markere det på eit situasjonskart som kan bestillast hos kommunen.
- Dersom ikkje eigedomen er teikna inn i matrikkelkartet må søkjar sjølv teikne inn eigedomen på kartutsnittet.
- I dei tilfella der det er eit firma som er eigar av eigedomen, må det leggjast ved firmaattest av nyare dato
Kva skjer vidare med søknaden din?
For å kunne påvise dei gjeldande grensene er i samsvar med grenseskildringa i skylddelingspapiret og merke marka, må vi gjennomføre ei oppmålingsforretning (søkjar, rørte partar og landmålar møtast på den aktuelle eigedomen).
Før oppmålingsforretning
- Varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning/møte på aktuell eigedom, blir send til eigarar (heimelshavarane) og naboar til den aktuelle grensa.
- Partane blir varsla seinast 2 veker i framkant dersom ikkje anna er avtalt.
- Dersom somme skal møte i staden for dei som er innkalla, må desse ha skriftleg fullmakt.
Oppmålingsforretning
- Nye grenser vert merka i marka og blir målt inn etter dagens krav til nøyaktigheit.
- Det skal førast protokoll over kva som er klarlagt og avtalt under møte på eigedomen.
- Grensejusteringa blir ført i matrikkelen.
Etter oppmålingsforretning
- Vi utarbeider nye matrikkelbrev for eigedomane.
- Dei nye matrikkelbreva blir sende til søkjar/rekvirent, rørte partar får tilsendt kartutsnitt med ny grense saman med eitt følgjeskriv.
Kva kostar det?
Saksbehandlingsgebyret går fram av Aukra kommune sitt gebyrregulativ.
Sjekk gebyret
Klage
Publisert 25.10.2018 19:26
Sist endra 10.04.2025 13:41