Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
For å rette opp i upraktiske grenser mellom eigedomar, kan ein gjennomføre ei grensejustering/makeskifte.
Ei grensejustering vil seie at mindre areal kan førast over mellom to matrikkeleiningar (eigedomar) som har felles noverande grense.
For overføring av større område, sjå arealoverføring. Ei grensejustering krev at det vert teke ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle matrikkeleiningane blir klarlagd og beskrive.
Vilkår for grensejustering
- Areala skal vere nokolunde like i storleik og verdi.
- Av omsyn til panterett er det berre mindre areal som kan overførast mellom eigedomane.
- Arealet for involverte eigedomar kan aukast eller reduserast med inntil 5 prosent (maksimalt 500 m²).
Kven kan søkje om grensejustering?
Eigar (heimelshavar), festar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt, kan søkje om grensejustering.
Slik søkjer du om grensejustering
Vedlegg
Søknaden må innehalde forslag til ny grense og den må du teinke inn på eit kartutsnitt. I tillegg må du opplyse om kor stort areal som blir overført.
Kva skjer vidare med søknaden din?
I dei fleste tilfelle er det ikkje nødvendig med noko vedtak før vi gjennomfører grensejusteringa. Vi vurderer om søknaden er innanfor reglane for grensejustering.
Dersom det blir søkt om grensejustering mot f.eks. veggrunn, friareal eller LNF-område, må søknaden behandlast av byggjesak før vi kan gjennomføre oppmålingsforretning, der søkjer, rørte partar og landmålar møtast på aktuelle eigedom.
For å justere arealet må vi gjennomføre ei oppmålingsforretning. Det vil seie at vi kartlegg grenser og rettar til fast eigedom, og merke og måler nye og gjeldande grenser i marka som er i tråd med partane sine påstandar og framlagga dokument.
Før oppmålingsforretning
- Varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning/møte på aktuell eigedom, blir send til eigarar (heimelshavarane) og naboar til den aktuelle grensa.
- Partane blir varsla seinast 2 veker i framkant dersom ikkje anna er avtalt.
- Dersom somme skal møte i staden for dei som er innkalla, må desse ha skriftleg fullmakt.
Oppmålingsforretning
- Nye grenser vert merka i marka og blir målt inn etter dagens krav til nøyaktigheit.
- Det skal førast protokoll over kva som er klarlagt og avtalt under møte på eigedomen.
- Grensejusteringa blir ført i matrikkelen.
Etter oppmålingsforretning
- Vi utarbeider nye matrikkelbrev for eigedomane.
- Dei nye matrikkelbreva blir sende til søkjar/rekvirent, rørte partar får tilsendt kartutsnitt med ny grense saman med eitt følgjeskriv.
Kva kostar det?
Saksbehandlingsgebyret går fram av Aukra kommune sitt gebyrregulativ.
Sjekk gebyret
Klage
Du har 3 veker klagefrist frå de har motteke brevet frå oss.
Publisert 03.10.2018 10.22
Sist endra 10.04.2025 13.41