Kven får varsel frå kommunen?
Varselet blir sendt ut til den som er folkeregistrert som busett i kommunen og i det aktuelle området som varselet skal gå ut til. Du kan også registrere at du kan få varsel på anna adresse enn folkeregistrert adresse, dvs. fritidsbustad, pårørande som vil ha varsel for ein annan eigendom med meir.
Dataregisteret som vert brukt er ei samanstilling av informasjon frå:
- Folkeregisteret
- Nummeropplysning frå alle teleoperatørane
- Matrikkelen
Våre innbyggarar under 16 år ligg ikkje i registeret og mottek heller ikkje varsel.
Varslinga skjer via SMS til mobiltelefonar og talemelding til fasttelefonar. Registeret fangar ikkje opp personar med skjult/hemmeleg nummer.