Slik finn du informasjon i ei kriseVed kriser og ulukker er det viktig at du har tilgang til informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere. Du finn meir informasjon på offentlege nettsider, nettaviser, radio, TV og i sosiale medium. NRK har eit særskilt ansvar for å formidle offisielle meldingar frå myndigheitene.Vi vil leggje ut informasjon på kommunen si nettside om kva som har skjedd, kva du bør gjere, og korleis du kan få hjelp frå kommunen.For å kunne ta imot råd og meldingar via beredskapskanalen NRK P1, bør du ha tilgang til ein DAB-radio som òg kan drivast med batteri.Krisesituasjonar er ofte uoversiktlege, og nokre kan ha eigne interesser av å spreie feilinformasjon. Ver derfor ekstra merksam på at du får informasjon frå pålitelege kjelder. Publisert 27.07.2026 09.29 Sist endra 27.07.2026 10.40