Informasjonspunkt for publikum ved kriser

Veit du kvar du skal gå for å få informasjon eller hjelp frå kommunen dersom alle kommunikasjonsmiddel fell bort?

Dersom mobil- og internettforbindinga fell bort, slik at du ikkje får kontakt med naudetatane, er det viktig å vite at det finst faste oppmøtestader der du kan få hjelp, informasjon og kontakt med hjelpeapparatet.

Kommunehuset er hovudoppmøtestaden i Aukra kommune ved kriser.

Informasjonspunkt 

Aukra kommune har to faste oppmøtestader som du kan få informasjon eller hjelp dersom alle kommunikasjonsmidlar fell bort. Her kan du få informasjon, hjelp og kontakt med naudetatane ved straumbrot eller bortfall av mobil- og internettforbinding.

Gossen 

Kommunehuset, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra

Kommunehuset 2023 - Klikk for stort bilete Aukra kommune

Julsundet

Julsundet fleirbrukshus i foajeen, Skolebakken 7, 6409 Molde

Julsundet skole og fleirbrukshus - Klikk for stort bilete Brunes foto

På informasjonspunkta får innbyggarane møte representantar frå kommunen for å få informasjon og hjelp, og bistand med praktiske utfordringar som kan oppstå som følgje av krisa. 

Kontakt

Aaslaug Søreide
Servicesjef

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra

 

Julsundet skole og fleirbrukshus

Skolevegen 9

6490 Molde

Kart