Informasjonspunkt for publikum ved kriserVeit du kvar du skal gå for å få informasjon eller hjelp frå kommunen dersom alle kommunikasjonsmiddel fell bort?Dersom mobil- og internettforbindinga fell bort, slik at du ikkje får kontakt med naudetatane, er det viktig å vite at det finst faste oppmøtestader der du kan få hjelp, informasjon og kontakt med hjelpeapparatet.Kommunehuset er hovudoppmøtestaden i Aukra kommune ved kriser.Informasjonspunkt Aukra kommune har to faste oppmøtestader som du kan få informasjon eller hjelp dersom alle kommunikasjonsmidlar fell bort. Her kan du få informasjon, hjelp og kontakt med naudetatane ved straumbrot eller bortfall av mobil- og internettforbinding.Gossen Kommunehuset, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra Aukra kommune JulsundetJulsundet fleirbrukshus i foajeen, Skolebakken 7, 6409 Molde Brunes foto På informasjonspunkta får innbyggarane møte representantar frå kommunen for å få informasjon og hjelp, og bistand med praktiske utfordringar som kan oppstå som følgje av krisa. Publisert 27.07.2026 10.52 Sist endra 27.07.2026 11.46