UngdomsLOS

UngdomsLOSen i Aukra skal bidra med å styrka det førebyggande arbeidet i grunnskolen og skal arbeide utadretta, vere lett tilgjengeleg og til stades på skolane.

UngdomsLOS i Aukra

Skolen skal utvikle inkluderande fellesskap som fremmar helse, trivsel og læring. Eit systematisk arbeid er avgjerande for å skape eit trygt og godt skolemiljø. UngdomsLOS-funksjonen ligg under kulturavdelinga, men deltar i den daglege samhandlinga på skolen med fokus på 24 timars barnet.

UngdomsLOS kan koplast på der det er behov for oppfølging av elevar som står i fare for å falle ut av skolen. Ungdomslos kan koplast på barn og unge i 5. -10. trinn og følger desse elevane i overgangen til vidaregåande skole. Det er to ungdomsLOSar i kommunen med til saman 100 % stilling.

Ein ungdomsLOS skal i samarbeid med skole og andre finne tiltak som kan vere med å styrke trivsel og meistring. Å vere støttespelar og ein trygg relasjon er avgjerande for å finne dei gode løysingane i lag med ungdommen.

Kva kan ungdomsLOSen hjelpe deg med?

  • Motivere og lose inn i aktivitetar på fritida som kan bidra til auka livskvalitet.
  • Motivere for behandlingstilbod og lose ungdommen inn om nødvendig.
  • Køyring/henting til og frå skole i ei avgrensa tidsperiode.
  • Foreldrerettleiing. Dersom det er hensiktsmessig, kan rettleiinga gå føre seg i barnet/ungdommen sin heim.
  • Miljøarbeid og oppsøkande verksemd i heim og skole.
  • Koordinering av tverrfagleg samhandling knytt til heim, skole og fritid.

Kven kan ta kontakt?

Alle kan kontakte ungdomsLOSen, både privatpersonar, skolar, eller andre offentlege tilsette.

Kontaktinformasjon

For å avtale møte med ungdomsLOS kan du enten ringe eller sende SMS/e-post til:

Wenche Nesje (Gossen barne- og ungdomsskole)

Laila Hoem (Julsundet skole)

Kontakt

Laila Hoem
UngdomsLOS Julsundet
E-post
Mobil 95 14 80 59
Wenche Nesje
UngdomsLOS Gossen
E-post
Mobil 48 28 96 59

Opningstider

Aukra kulturhus

Kulturadministrasjonen er ope måndag til fredag kl. 8.00 til kl. 15.30 (kl. 16.00 i tidsrommet 1. oktober til 30. april)

  • Måndag kl. 8.30-18.00
  • Tysdag kl. 6.30-19.00
  • Onsdag kl. 8.30-20.00
  • Torsdag kl. 6.30.-20.00
  • Fredag kl. 8.30-19.00
  • Laurdag kl. 10.00-15.00
  • Søndag kl. 11.00-15.00

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra