Logoped

Kva kan logopeden hjelpe deg med?

Logopeden gjev hjelp til barn og ungdom frå 0-16 år med:

  • Uttalevanskar frå fire år
  • Språk- og kommunikasjonsvanskar
  • Vanskar med taleflyt som stamming og løpsk tale
  • Stemmevanskar
  • Munnmotoriske vanskar
  • Lese- og skrivevanskar (dysleksi)

Logopeden kan hjelpe med å:

  • Rettleie foreldre eller personalet i barnehage og skole
  • Gi barnet direkte trening på bakgrunn av logopedisk utgreiing
  • Hjelpa kan barnet få i heimen, på skolen, i barnehagen eller hos logopeden
  • Kartleggje for ei eventuell vidare tilvising

Barn som har ein eller fleire av vanskane ovanfor kan bli vist til logoped. Aukra kommune kan kjøpe logopedteneste frå Tøndergård skole i Molde i tillegg til at vi har ei 40% stilling logoped tilsett i kommunen.

Dersom Tøndergård ikkje kan imøtekomme søknaden, og den kommunale logopedressursen ikkje kan hjelpe, kan ein i særskilte høve vise til privat logoped.

Slik søkjer du om logopedhjelp

Barnet sitt høyrsle må vere sjekka før du kan sende inn skjemaet Oppmelding til logoped. 

Det kan bli nødvendig at vi må prioritere søkarar. Logopeden gjer ei vurdering i kvart enkelt tilfelle utifrå korleis vansken påverkar leik, læring og dagleglivet til barnet.

Du må fylle ut vårt elektronisk skjema for oppmelding til logoped.

Foreldre/føresette, barnehage, skole eller behandlar kan søkje om logopedhjelp. Føresette må samtykkje i tilvisinga.

Gå til skjemaet Oppmelding til logoped

Kontaktinformasjon

Skole

Barnehage

Pedagogisk rådgjevar

Logoped

PPT

Meir informasjon om logopedtenesta

Kontakt

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
May Bente Løvik
Logoped

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30