Utsett og tidleg skolestart

Utsett skolestart

Skal barnet ditt starte på skolen det året det fyller sju år:

  • Må du som føresett søkje om det
  • Må ei sakkunnig vurdering vise at det er tvil om at barnet er kome langt nok i utviklinga si til at det kan starte på skolen det året det fyller seks år

Korleis søkje om utsett skolestart?

Du må sende ein søknad til Aukra kommune. Eit elektronisk søknadsskjema er under arbeid og du kan enn så lenge sende inn ein formløs søknad.

Dette må du legge ved søknaden:

  • Sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Ta kontakt med PPT

Søknadsfrist for utsett skolestart

Frist for å søkje om utsett skolestart er 1. mars det året barnet fyller seks år.

Tidleg skolestart

Skal barnet ditt starte på skolen det året det fyller fem år:

  • Må du som føresett søkje om det
  • Må ei sakkunnig vurdering vise at det er forsvarleg
  • Må barnet ha fylt fem år innan 1. april

Korleis søkje om tidleg skolestart?

Du må sende ein søknad til Aukra kommune. Eit elektronisk søknadsskjema er under arbeid og du kan enn så lenge sende inn ein formløs søknad.

Dette må du legge ved søknaden:

  • Sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Ta kontakt med PPT

Søknadsfrist for tidleg skolestart

Frist for å søkje om tidleg skolestart er 1. mars det året barnet fyller fem år.

Klage på enkeltvedtak

Kontakt

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
E-post
Mobil 91 51 01 68
Sentralbord Aukra kommune
Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

  • Sentralbord kl. 9.00-14.30
  • Kommunehuset kl. 10.00-14.00