SkoleskyssElevar har rett til gratis skoleskyss dersom dei bur i ein viss avstand til skolenReglar for skoleskyssFor å ha rett på skoleskyss må avstanden mellom heim og skole være:over 2 km for 1. klasseover 4 km for 2. til 10. klasseI tillegg har følgjande elevar rett til gratis skoleskyss: Elevar i 2. klasse som bur meir enn to kilometer frå skolen får gratis skoleskyss om det frå før av går rutegåande transport eller skolebuss som passar med skolestart og slutt.Elevar i 1.-4. klasse, dersom dei ikkje har gang-/sykkelveg til skolen og det frå før av går skolebuss på strekinga.Elevar som bur på strekninga Hjertvikberget – Horremshaugen får gratis skoleskyss om det frå før av går rutegåande transport eller skolebuss som passar med skolestart og slutt.Elevar som bur på strekninga Hjertvikkrysset – og del av Tangevegen får gratis skoleskyss.Bur du nærare skolen enn avstanden over, kan du ha rett til skoleskyss dersom du:går i grunnskolen og har ein særskild farleg eller vanskeleg skoleveger funksjonshemma, midlertidig skada eller sjukDelt bustad - elevar under 18 år med 2 adresserElevar som bur på to adresser med delt omsorg kan ha rett på skyss til begge bustadane. Det forutset at skolen har mottatt signert skjema "Stadfesting av delt bustad". (PDF, 182 kB)Sjekk avstand mellom heim og skoleMøre og Romsdal fylkeskommune har ein avstandsmalar, der du kan sjekke kor lenge skolevegen er.Berekn avstand mellom heim og skoleSlik søkjer duSøk om skoleskyss ved å fylle ut søknadsskjemaetHar barnet delt bustad, må du i tillegg legge ved utfylt "Stadfesting av delt bustad" i søknadsskjemaet (PDF, 182 kB)Du kan søkje heile skoleåretKlageOm du ikkje er einig i vedtaket om skoleskyss, kan du klage på vedtaket. Slik klagar du på eit enkeltvedtakDette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Publisert 22.06.2018 13.27 Sist endra 12.06.2026 10.26