Informasjon om overføring av opplysningar når ein elev startar på ny skole

Målet med overføring av opplysningar frå ein skole til den nye skolen er å sikre ein best mogleg overgang for eleven.

Kort om overføringa

I overgangen mellom skolar ønsker skoleeigar å leggje til rette for ein best mogleg overgang ved å dele opplysningar mellom skolane. I denne artikkelen finn du informasjon om kva opplysingar som kan bli delt mellom skolane.  

Overgang frå ein skole til ein annan skole

Målet med overføring av opplysingar frå ein skole til den nye skolen er å sikre ein best mogleg overgang for eleven. Formålet med overføring av opplysningar er å:

  • sikre ein god start på ny skole
  • skape eit heilskapleg og samanhengande opplæringsløp for eleven
  • sikre eleven betre tilpassa opplæring og med det betre læringsutbytte
  • overføre nødvendig informasjon til beste for eleven, og den vidare opplæringa til eleven i samarbeid med foreldre

Kapittel 25 Behandling av personopplysningar og plikt til å delta i evalueringar

§ 25-1.Behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt

Kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.

Ved skolebyte kan skolar hente inn dei personopplysningane frå andre skolar som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring og retten til dokumentasjon av opplæringa.

Fylkeskommunar kan hente inn dei personopplysningane frå grunnskolar som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, førebyggje fråvær frå opplæringa og følgje opp dei som er i målgruppa til oppfølgingstenesta.

Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar, for å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det.

Behandlinga av personopplysningar etter første til fjerde ledd kan også omfatte personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.

Departementet kan gi forskrift om behandlinga av personopplysningar, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, bruk av automatiserte avgjerder, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.

Utlevering av personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.

Eleven sin medverknad

Barn har rett til å bli høyrd i spørsmål som gjeld dei sjølv. Deira meining skal tilleggjast vekt ut frå alder og utvikling. Frå 12 år skal meininga til barnet tilleggjast stor vekt. Barnet skal vere kjent med at opplysningar blir delte og bli gitt høve til å uttale seg.

Kva opplysningar er det aktuelt å dele med andre skolar?

Så langt det er nødvendig til formål som nemnde i opplæringslova § 25-1 andre ledd, kan skolar hente inn opplysningar om elevar og vaksne deltakarar i samband med skolebytte eller bytte av opplæringsstad. 

Følgjande opplysningar kan delast ved skolebytte, jf. opplæringsloven § 25-1

  • Opplysningar om tidlegare gjennomført opplæring
  • Karakterar som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
  • Opplysningar om fråvær som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
  • Kartlegging av elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-5 og § 6-5 eller etter privatskolelova § 3-5

Ein skole kan dele dei opplysningane frå vedtak om skolebytte etter opplæringslova § 13-2 som den nye skolen treng for å kunne vareta eleven som blir flytta, og andre elevar på skolen.

Ved overgang til vidaregåande skole kan fylkeskommunen hente inn opplysningar om 

  • Fullført eller ikkje fullført grunnskole
  • Halvårsvurdering med karakterar frå 10. trinn
  • Karakterar som blir førte på vitnemål for grunnskolen
  • Fråvær som blir ført på vitnemål for grunnskolen

Kva opplysningar kan krevje samtykke for å kunne dele?

Føresette eller eleven sjølv må i enkelte tilfelle samtykke til at skolen kan dele opplysningar om til dømes helse og straffbare/disiplinære forhold, jamfør personvernforordningen kapittel 9 og 10.  Dette må vurderast frå sak til sak. I tekstboksen nedanfor kan du sjå kva opplysningar dette gjeld: 

Artikkel 9. Behandling av særlige kategorier av personopplysninger

1. Behandling av personopplysninger om rasemessig eller etnisk opprinnelse, politisk oppfatning, religion, filosofisk overbevisning eller fagforeningsmedlemskap, samt behandling av genetiske opplysninger og biometriske opplysninger med det formål å entydig identifisere en fysisk person, helseopplysninger eller opplysninger om en fysisk persons seksuelle forhold eller seksuelle orientering, er forbudt.


2. Nr. 1 får ikke anvendelse dersom et av følgende vilkår er oppfylt:
a.    Den registrerte har gitt uttrykkelig samtykke til behandling av slike personopplysninger for ett eller flere spesifikke formål, unntatt dersom det i unionsretten eller medlemsstatenes nasjonale rett er fastsatt at den registrerte ikke kan oppheve forbudet nevnt i nr. 1.

Les meir om når artikkel 9 nr. 1 ikkje blir gjeldande

Artikkel 10. Behandling av personopplysninger om straffedommer og lovovertredelser

Behandling av personopplysninger om straffedommer og lovovertredelser eller tilknyttede sikkerhetstiltak på grunnlag av artikkel 6 nr. 1 skal bare utføres under en offentlig myndighets kontroll eller dersom behandlingen er tillatt i henhold til unionsretten eller medlemsstatenes nasjonale rett som sikrer nødvendige garantier for de registrertes rettigheter og friheter. Alle omfattende registre over straffedommer må bare føres under en offentlig myndighets kontroll.

Kontakt

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
E-post
Mobil 91 51 01 68
Informasjonssikkerheitsleiar
Aaslaug Søreide
E-post
Telefon 90 08 85 78
Personvernombod
Personvernombodstenesta ved IKA Møre og Romsdal IKS
E-post

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30