Kommunal bustad

Kommunale utleigebustadar er eit verkemiddel for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden, og er som hovudregel meint å vere eit mellombels bustadtiltak.

OBS! Kommunal bustad gjeld ikkje søknadar om opphald i institusjon eller omsorgsbustadar.

Vil du søke om plass på institusjon, finn du informasjon her

Vil du søke om omsorgsbustad, finn du informasjon her

Kven kan søke om kommunal bustad?

Du kan søke om å leige kommunal bustad, dersom du:

  • er vanskelegstilt på bustadmarknaden og ikkje klarer å skaffe deg ein eigna bustad sjølv, eller med anna offentleg hjelp
  • har behov for ein bustad som er særleg tilpassa grunna alder, funksjonshemming og/eller andre årsaker

For å søke kommunal bustad må du:

  • ha lovleg opphald i Noreg
  • ha budd i Aukra kommune dei siste to åra
  • vere eller står i fare for å bli utan eigna bustad
  • ha fylt 18 år

Det kan gjerast unntak frå krav om butid:

  • når særlege grunnar gjer kravet urimeleg
  • ved førstegongs busetting av flyktningar

Korleis søke om kommunal bustad?

1. Finn frem desse vedlegg:

  • Dokumentasjon over alle inntekter som for eksempel løn, trygd, pensjon, barnetrygd, sosialhjelp osv.
  • Leigekontrakt og eventuell oppseiing, om du leiger bustad

2. Fyll ut vårt elektronisk søknadsskjema. Du kan laste opp alle vedlegg i skjemaet.

Søk om kommunal bustad

Skal du ettersende dokumentasjon? Då bruker du same lenke som du brukte når du søkte.

Dersom du ikkje kan søke elektronisk, finn du papirskjemaet under Alle skjema.

Leigetid for kommunale bustadar

Du kan leige ein kommunal bustad for tre år. Vil du forlenge leigeavtalen, må du søke om det seinast tre månadar før leigekontrakten ender. 

Du søker med søknadsskjemaet “Søknad om kommunal bustad”. Du vil då få opp eit val der du kan søke om forlenging.

Kva skjer vidare med din søknad om kommunal bustad?

  • Vi behandlar søknaden så snart som muleg.
  • Vi vurderer om du oppfyller vilkåra for kommunal bustad. Er det fleire søkjarar enn ledige bustadar, må vi prioritere mellom søkjarar med størst behov.
  • Du får tilsendt eit skriftleg svar om du får tildelt bustad.
  • Etter at du har motteken positivt vedtak om leige av kommunal bustad, vil du få tilsendt ein husleigekontrakt.

Kva kostar ein kommunal bustad?

Husleigesatsane i Aukra kommune vert justert 1. januar kvart år.

Retningsliner

Retningsliner for tildeling av kommunale midlertidige bustadar i Aukra kommune - vanskelegstilte på bustadmarknaden

Fastsett av kommunestyret i Aukra den 18. juni 2026, i sak PS-40/26 med heimel i Lov om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova LOV-2018-06-22-83) og Lov om kommunens ansvar på det boligsosiale feltet (Boligsosialloven LOV-2022-12-20-121)

Klage på vedtak om kommunal bustad

Vedtak om tildeling av kommunal bustad er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Kontakt

Ragnhild Sandøy Hovind
Driftsleiar eigedomsavdeling
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra