Gratis kurs om personleg økonomiTreng du hjelp til å handtere din daglege økonomi? NAV arrangerer gratis kurs til deg.Om kurset og målgruppeNAV Aukra tilbyr innbyggjarane i Aukra kommune gratis todagars kurs i privat økonomi. Det fins to forskjellige kurs:iPluss-kursTodagars kurs som inneheld: Kort om betalingsproblem Korleis skape økonomisk balanse Enkle og smarte sparetips Korleis kombinere sunn og rimeleg mat Budsjett og ”2-konto-systemet” Bank, forsikring, straum og mobil Praktiske eksempel Kva kostar du? Kreditt Inkasso, forliksråd og namsmannen. Dine rettigheiter og plikter. Gjeldssaka sin gang gjennom systemet 10 gode rådSMART-kursTodagars kurs som inneheld: Korleis gjer du eigne mål tydeleg? Oppdag at det går an å oppnå positive resultat i økonomien Grunnlag for å forhandle om lån og refinansiering Teknikken for å setje opp «Smartkart» (budsjett)Det får du på kurset: Gratis opplæringsmateriell Gratis arkiverings- og planleggingssystem Godt beslutningsverkty for deg og familien framoverKostar det noko?Kursa er gratis.Korleis melde seg på kurset?Du kan ta kontakt med NAV Aukra for påmelding. Publisert 17.01.2019 13:45 Sist endra 12.02.2024 13:27