Mat på Barnebo barnehage

Matpakkefri barnehage

Vi har kokk i 100% stilling. Barnebo barnehage er difor ein matpakkefri barnehage.

Måltida i barnehagen

  • Kl. 08.00-08.30 Frukost - havregrynsgraut eller te-briks. Barna som ikke skal spise frukost i dette tidsrommet må spise frukost heime før dei kjem
  • Kl. 11.00 Lunsj - varm lunsj eller nybakt braud med pålegg
  • Kl. 14.00 Ettermiddagsmat - frukt og grønsaker, og braud eller knekkebraud for dei som vil ha det

Kostpengar

Kvar månad betalar de 300 kr i kostpengar.

Kva mat vert tilbydd på barnehagen?

Barnebo barnehage har kokk i 100% stilling.

Kokken sørger for sunn, god og variert mat til alle måltid i barnehagen. Han har også kunnskap om å lage mat til barn som har matallergi og anna form for intoleranse til mat. Kosthaldet i tidleg alder påverkar barnets helse fysisk og psykisk og er svært viktig for barnets utvikling.

Avdelingane på Furutun

  • Det er havregraut til frukost på måndager og te-briks/rundstykke resten av veka.
  • Det blir servert lunsj kvar dag med varm lunsj tysdag og torsdag.
  • Det blir servert frukt og grønsaker, og braud eller knekkebraud for dei som vil ha det til ettermiddagsmat.

Avdelingane på Aukratun

  • Det er havregraut til frukost på måndager og te-briks/rundstykke resten av veka.
  • Det blir servert lunsj kvar dag med varm lunsj måndag, onsdag og fredag.
  • Det blir servert frukt og grønsaker, og braud eller knekkebraud for dei som vil ha det til ettermiddagsmat.

Rammeplan for barnehagen

Barnehagen skal bidra til at barna

  • får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
  • kan tileigne seg gode vanar, haldningar og kunnskapar om kost, hygiene, aktivitet og kvile
  • opplever at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle os barna

Kontakt

Sissel Oliv Garseth
Styrar Barnebo barnehage
Hanne Margrethe Sporsem Skarshaug
Assisterande styrar Barnebo barnehage

Opningstider

Barnehagane i Aukra

Måndag til fredag kl. 07.00 til 16.30

Barnehagane har påskeferie og juleferie

Adresse

Besøksadresse Furutun

Hjertvikvegen 10

6480 Aukra

Besøksadresse Aukratun

Hjertvikvegen 2

6480 Aukra

Postadresse Barnebo barnehage

Aukra kommune

Nyjordvegen 12

6480 Aukra