Rett til å protestereNokre gonger har du rett til å protestere mot at personopplysingane dine blir brukt av kommunen. Om å protestere mot behandling av personopplysningar Nokre gonger blir personopplysingane dine behandla utan at du har gitt samtykke til det. Mange føler då at dei mister kontrollen over eigne opplysingar. Du kan derfor i ein del tilfelle, protestere mot at personopplysingane dine blir behandla (jf. personvernforordninga artikkel 21). Ein protest kan gjere at kommunen ikkje lenger kan bruke personopplysingane. Med mindre opplysingane også blir behandla til andre formål som du ikkje kan eller vil motsetje deg, skal dei også slettast. Kommunen skal svare på protesten din utan ugrunna opphald og normalt seinast innan ein månad. I dei tilfella der du kan ha rett til å protestere, skal du alltid få separat informasjon om dette frå kommunen seinast første gongen den kommuniserer med deg. Unnatak Retten til å protestere gjeld ikkje i følgjande tilfelle: Personopplysingane er nødvendige for å utføre ein avtale du har med kommunen. Kommunen er pålagd i lov å behandle personopplysingane dine. Retten til å protestere gjeld heller ikkje dersom kommunen kan vise at tungtvegande grunnar går føre protesten din. I denne vurderinga kan det nokre gonger ha noko å seie korleis behandlinga av personopplysingar påverkar deg. Du kan alltid motsetje deg direkte marknadsføring Dersom formålet med personopplysingane er direkte eller tilpassa marknadsføring, har du alltid rett til å protestere. Det finst ingen unnatak frå denne regelen, så verksemda må respektere protesten din. Sist endra 04.04.2025 08.45