Teater

Aldersgruppe: frå 3. trinn og oppover

Søk om plass på teater


Aldersgruppe: frå 3. trinn 

Teaterundervisning i Aukra kulturskulen er ei fantastisk moglegheit for barn og unge til å utforske scenekunst i eit trygt og kreativt miljø. 

Undervisninga legg vekt på leik, improvisasjon, manusarbeid og framsyningar, og hjelper elevane med å utvikle både kunstnariske og sosiale ferdigheiter.

Kva inneber teaterundervisning i kulturskulen?

  • Teaterleik og improvisasjon- Øvingar som gir tryggleik og utviklar spontanitet.
  • Stemmetrening og kroppsspråk- Utforsking av uttrykksmåtar gjennom rørsle og stemme.
  • Manusarbeid og rolleforståing- Lære av tolke og framføre ulike karakterar.
  • Samarbeid og gruppeprosessar- Styrking av kommunikasjon og evna til å lytte.
  • Scenografi og dramaturgi- Innføring i historieforteljing, lys, lyd og kostyme.
  • Framsyningar- Elevane får erfaring med å stå på scena og vise fram arbeidet sitt.


 

Kvifor velje teaterundervisning?

  • Byggjer sjølvtillit og evna til å uttrykkje seg.
  • Fremjar kreativitet og skaparglede.
  • Styrker samarbeidsevner og sosial forståing.
  • Gir sceneerfaring og meistringskjensle.

 

Bli med, vær kreativ og ha det gøy!