Samarbeid med grunnskolenAukra kulturskole samarbeider med grunnskolane i Aukra. Dette skoleåret har vi samarbeid med Gossen barne- og ungdomsskole om desse tilboda: 3. trinn: SPÆLL Faget tek tak i musikk gjennom instrumentalopplæring. Elevane får ønskje seg eit av fleire instrument, anten klarinett, kornett, fiolin eller cello. Instrumenta kan variere. Trinnet vert delt inn i grupper der kvar gruppe består av 5-6 elevar. Kvar gruppe får opplæring ein skoletime per veke gjennom eit semester, anten haust eller vår. 5.-7. trinn: KULTURKARUSELL 1 I denne kulturkarusellen får elevane jobbe med mellom anna, dans, fordjupning, kor, instrument og ikt. Gruppene rullerer mellom ulike tilbod i løpet av skoleåret. I faget drama skal elevane kunne bruke sine skapande evner i kreativ utfolding gjennom leik, bevegelse, dans, drama og språklege handlingar. 10. trinn: KAUK KAUK: Tverrfaglig kulturproduksjon for 10.trinn Elevane skal samarbeide om å sette opp ein produksjon på eigen hand ved å planlegge og utarbeide ei framsyning frå idé til gjennomføring. Elevane jobbar sjølvstendig med alt frå tema, bodskap og innhald i framsyninga, til arbeidsroller og ansvarsfordeling. Elevane vert delt i grupper; band, vokal, teater, dans, produksjonsteknikk og markedsføring. Dans og kor er felles for alle. Grunnskolelærar i samarbeid med faglærarar frå kulturskolen veileder elevane i prosessen frå idè til gjennomføring i løpet av haustsemesteret. Sist endra 17.10.2022 13.53