Samarbeid med eining for innvandring og integreringVaksenopplæringa I samarbeid med vaksenopplæringa som drives av eining for Innvandring og integrering i Aukra kommune har vi tilboda: Småbarnstrall Småbarnstrall er eit musikktilbod for born frå 1-6 år med familie. Tilbodet skal vere med å styrke språkutvikling og integrering gjennom leik og det musiske samspelet. Tilbodet er gratis og ope for alle. Datoar vert publisert på nettsida vår i aktivitetskalenderen. Introtimer med kulturskolen To timar i veka har elevar som deltar i introduksjonsprogrammet timar i kulturskolen. Her får elevane opplæring i ulike kunst- og kulturfag. Eining for innvandring og integrering Internasjonal veke Er eit arrangement som eining for innvandring og integrering står bak, ofte i samarbeid med fleire aktørar. Aukra kulturskole har ansvar for dei kulturelle innslaga. Sist endra 26.10.2021 14.19