Reglement for Aukra kulturskole

Vedteke i K-sak 97/14 (27.11.2014)  

Aukra kulturskole er open for alle innbyggjarane i kommunen, men barn og unge har prioritet ved opptak.
Kulturskolen har ope opptak, ingen opptaksprøver eller andre krav.
Nye kulturskoleelevar kan søke om plass på våre tilbod gjennom heile året forutsatt at det er ledig kapasitet på det aktuelle tilbodet.
Dei som allereie er elevar i kulturskolen, må sende inn nytt søknadsskjema innan 15. mars for å bekrefte at man ønskjer å behalde plassen sin komande skuleår.
Elevplassen gjeld for heile skoleåret. Oppseiing av elevplass må skje skriftleg innan 1. desember for vårsemesteret og innan 1.juni for haustsemesteret. Elevar som ønskjer å slutte midt i eit semester må betale full semesteravgift.
Dersom elevplassen ikkje vert betalt innan tidsfristen, og det ikkje vert gjort skriftleg betalingsavtale, taper eleven kulturskoleplassen neste semester
Ved flytting gjeld ikkje nemnde oppseiingsreglar.
Dersom det ikkje er mogleg å gje tilbod til alle søkjarar, blir følgjande retningslinjer lagt til grunn:

Bestemte disiplinar kan få høg prioritet.
Søkarar som har stått på venteliste vil ha prioritet.
Loddtrekning mellom elevar som står likt.
Elevar blir satt på venteliste.
Tilflytta elevar som har vært elev ved anna kulturskole vert prioritet.

Dersom ein lærar blir sjuk og det ikkje kan skaffast vikar, vil undervisninga bli avlyst. Det vil bli gitt refusjon til eleven dersom undervisninga fell bort meir enn to gonger pr. semester.
Kulturskolen må informerast dersom eleven har særskilte behov.
Den ordinære undervisninga i kulturskolen fylgjer skoleåret(38 veker
Kulturskolen fylgjer skolerutas fridagar/planleggingsdagar om ikkje anna er opplyst.

 

Elevavgift pr. semester
Type avgift Pris per semester
Elevavgift kr. 1318,50.-
Leige av instrument kr. 272.-
Materiellavgift kunst kr. 272.-
Elevavgift aspirant (dekkes av korpset) kr. 966.-
Fordjupningsplass kr. 2637.-

 

Elevmoderasjon: 25% frå og med 2.elevplass pr. familie.

Elevmoderasjon: 50% frå og med 3.elevplass pr.familie

Elevavgift aspirant: Julsundet Musikkorps, Gossen skolekorps og Gossen Musikkorps betalar semesteravgifta til dei som ønskjer aspirantopplæring. Aspirantopplæringa er over to år og ein betalar då medlemskontigent til korpset.

Avgiftene fakturerast to gonger per semester.

 

Dette forventar Aukra kulturskole av deg som elev

Kontaktinformasjon

Malin Solberg
Rektor
E-post
Mobil 93 26 66 09